1. Kom, lat oss jubla for Herrenog ropa høgt ¬for vårt frelsande berg!
2. Lat oss gå fram for han ¬med lovsongog hylla han med song og spel!
3. For Herren er ein mektig Gud,ein stor konge over alle gudar.
4. Han har jord-djupnene ¬i si handog fjelltoppane i si eige.
5. Havet er hans, ¬for han har skapt det,det faste landet ¬har hans hender forma.
6. Kom, lat oss bøya oss og tilbe,bøya kne for Herren, ¬vår skapar!
7. For han er vår Gud, ¬vi er folket han gjæter,den hjord han leier ¬med si hand.Å, ville de høyra på han i dag!
8. Gjer ikkje hjarto dykkar harde, ¬som ved Meriba,som den dagen ved Massa ¬i øydemarka,
9. då fedrane eggja megog sette meg på prøve,endå dei såg kva eg gjorde!
10. I førti år hadde eg uvilje ¬mot denne ætta,og eg sa om dei:«Dei er eit folk ¬som fer vilt i sitt hjarta,dei kjenner ikkje mine vegar.»
11. Så svor eg i min vreide:«Dei skal aldri ¬koma inn til mi kvile!»