1. Ein Davids-salme. Herren er min hyrding,det vantar meg ingen ting.
2. Han lèt meg liggja ¬i grøne enger;han fører meg til vatn ¬der eg finn kvile,
3. og gjev meg ny kraft.Han leier meg ¬på dei rette stigarfor sitt namn skuld.
4. Om eg så går ¬i dødsskuggens dal,ottast eg ikkje for noko vondt.For du er med meg.Din kjepp og din stav, ¬dei trøystar meg.
5. Du dukar bord åt megframfor augo på mine fiendar.Du salvar mitt hovud med olje;mitt staup fløder over.
6. Berre godleik og miskunnskal fylgja meg alle mine dagar,og eg skal bu i Herrens husi lange tider.