1. Ein miktam. Av David.Verna meg, Gud, ¬for eg flyr til deg.
2. Eg seier til Herren:«Du er min herre,du er mitt einaste gode.»
3. Eg held meg til dei heilage ¬i landet;høgt set eg dei gjæve menn.
4. Mange plager må dei tola,dei som spring ¬etter andre gudar.Eg vil ikkje ¬renna ut blodoffer for deiog ikkje ta ¬deira namn i min munn.
5. Herre, du er min del ¬og mitt staup,det er du som fastset min lut.
6. Eg fekk min del på fager grunn,ja, ein herleg arv vart min.
7. Eg prisar Herren, ¬som gjev meg råd;jamvel om natta ¬får eg rettleiing i mitt indre.
8. Alltid har eg Herren for auga;han er ved mi høgre side,eg skal ikkje rikkast.
9. Difor er det glede i mitt hjartaog jubel i mi sjel;ja, jamvel lekamen ¬kan vera trygg.
10. Du gjev meg ikkje ¬over til dødsriket,du lèt ikkje din trufaste tenar ¬gå til grunne.
11. Du lærer meg livsens veg.Det er fullt av glede ¬for ditt åsyn,ein evig fagnad ¬ved di høgre hand.