1. Av David.Herren er mitt ljos og mi frelse,kven skulle eg ottast?Herren er eit vern for mitt liv,kven skulle eg skjelva for?
2. Når ugjerningsmenn ¬går laus på megog vil gløypa meg,då snåvar og fell dei sjølve,fiendane som står meg imot.
3. Om ein hær vil kringsetja meg,finst det ikkje redsle i mi sjel.Går dei til strid imot meg,er eg likevel trygg.
4. Eitt bed eg Herren om,og det stundar eg etter:at eg får bu i Herrens husalle mine levedagar,så eg kan sjå hans velviljeog grunda i hans tempel.
5. Han gøymer meg i si hyttepå den vonde dagen.Han løyner meg ¬i sitt skjermande teltog tek meg opp på berget.
6. No lyfter eg høgt mitt hovudover mine fiendar ¬rundt ikring meg.Med jubel vil eg bera framtakkoffer i Herrens teltog syngja og spela for han.*
7. Høyr meg, Herre, når eg ropar,ver meg nådig og svar meg!
8. Eg kjem i hug at du har sagt:«De skal søkja mitt åsyn.» Herre, eg søkjer ditt åsyn.
9. Løyn ikkje ditt andlet for meg!Vis ikkje din tenar bort i harme,du som har vore mi hjelp.Slepp meg ikkje, ¬og forlat meg ikkje,du Gud som er min frelsar!
10. Om far min og mor mi ¬forlèt meg,vil Herren ta imot meg.
11. Herre, lær meg dine vegar,og før meg på dei rette stigarfor mine fiendar skuld!
12. Gjev meg ikkje over ¬til grådige fiendar!Falske vitne står opp imot meg,dei frøser og trugar med vald.
13. Eg trur for visst at eg skal få sjåHerrens godhug her ¬i livsens land.
14. Venta på Herren, ¬ver frimodig og sterk!Ja, venta på Herren!