1. Til korleiaren. Av Korah-songarane.Ein læresalme.
2. Gud, vi har høyrt det ¬med eigne øyro,våre fedrar har fortalt oss det:Du gjorde eit verk i deira tid,i gamle dagar gjorde du det.
3. Med di hand ¬dreiv du folkeslag ut,men våre fedrar planta du;dei andre folka knuste du,men våre fedrar ¬fekk breia seg fritt.
4. For dei tok ikkje landet ¬med sverd,deira arm gav dei ikkje siger.Det var du som hjelpte deimed di høgre hand og din armog med ljoset frå ditt åsyn;for du hadde dei kjær.
5. Einast du er min konge ¬og Gud,som byd at Jakob skal bergast.
6. Med di hjelp har vi støyttvåre fiendar til jorda,i ditt namn har vi trakkavåre motstandarar ned.
7. For eg sette ikkje mi lit ¬til bogen,det var ikkje sverdet ¬som berga meg.
8. Nei, du har frelst oss ¬frå våre fiendar,dei som hata oss, ¬gjorde du til skammar.
9. Av Gud har vi alltid rosa oss,vi prisar ditt namn ¬til evig tid. Sela
10. Likevel støytte du oss bort ¬med skam,du drog ikkje ut ¬med våre hærar.
11. Du lét oss vika for fienden;dei som hata oss, ¬reiv til seg hærfang.
12. Du har gjeve oss over ¬som slaktefeog spreitt oss ¬mellom folkeslaga.
13. Du har selt ditt folk ¬til spottpris,du tok ikkje stor betaling ¬for det.
14. Du gjer oss til hån ¬for våre grannefolk,til spott og spe ¬for dei som bur ikring oss.
15. Du gjer oss til eit ordtak ¬mellom folka,lèt folkeslag ¬rista på hovudet åt oss.
16. Mi vanære har eg ¬alltid for auga,mitt andlet raudnar av skam,
17. når eg høyrer dei ¬som hånar og spottar,når eg ser min fiende ¬som vil ha hemn.
18. Alt dette har kome over oss,endå vi ikkje har gløymt degog ikkje har svike di pakt.
19. Vårt hjarta har ikkje vike ¬frå deg,våre steg har ikkje bøygt av ¬frå din veg.
20. Likevel har du støytt oss borttil den staden ¬der sjakalar held til,og løynt oss ¬i djupaste mørkret.
21. Hadde vi gløymt å tilbe ¬vår Gudog lyft våre hender ¬til ein framand gud,
22. då ville vel Gud ha merka det,han som kjenner ¬hjartans løynde tankar.
23. Men for di skuldvert vi drepne dagen lang,vi vert rekna som slaktesauer.
24. Vakna! Kvifor søv du, Herre?Vakna, støyt oss ikkje bort ¬for alltid!
25. Kvifor løyner du ditt andlet,kvifor gløymer du ¬vår naud og trengsle?
26. Vår sjel er bøygd i støvet,vår kropp ligg trykt til jorda.
27. Reis deg og hjelp oss,fri oss ut ¬for din truskap skuld!