1. Ein salme. Ein song til brukpå sabbatsdagen.
2. Det er godt å lovsyngja Herrenog prisa ditt namn, du Høgste,
3. å forkynna di miskunn ¬om morgonen,din truskap om nettene,
4. til tistrengja sitar og harpe,til tonar frå lyra.
5. Med ditt verk har du gledt meg, ¬Herre;eg jublar over det du har gjort.
6. Kor store dine gjerningar er,kor djupe dine tankar, Herre!
7. Ein uvitug mann ¬forstår ikkje dette,dåren skjønar det ikkje.
8. Dei gudlause gror som graset,alle ugjerningsmenner blømer,men dei skal rydjast ut ¬for alltid.
9. Du, Herre, er høg til evig tid.
10. Men dine fiendar, Herre,dei skal gå til grunne,og alle ugjerningsmenner ¬skal spreiast.
11. Du gjev meg kraft ¬som ein villokseog salvar meg ¬med den friskaste olje.
12. Eg får sjå at mine fiendar fell,eg får høyra korleis det gårmed ugjerningsmenner ¬som reiser seg mot meg.
13. Men dei rettferdige gror ¬som palmer,dei veks som sedrar ¬på Libanon.
14. Dei er planta i Herrens husog blømer i vår Guds ¬tempelgardar.
15. Enno i sin alderdom ¬ber dei frukt,friske og frodige er dei.
16. Såleis forkynner dei ¬at Herren er rettvis;hjå han, mitt berg, ¬er det ingen urett.