1. Ein song til festferdene. Då Herren vende Sions lagnad,var det for oss som ein draum.
2. Då fyltest vår munn med lått,vår tunge med fagnadrop.Då sa dei mellom folka:«Store ting ¬har Herren gjort mot desse.»
3. Ja, store ting ¬har Herren gjort mot oss,og vi vart glade.
4. Vend vår lagnad, Herre,som bekkene i Negev!
5. Dei som sår med tårer,skal hausta med glederop.
6. Gråtande går dei ¬og sår sitt korn,med fagnadrop skal dei koma ¬og bera sine kornband.