1. Av David.Herre, hjelp meg ¬til min rett!For eg har vore heil i mi ferd.Eg lit på Herren ¬og er ikkje ustø.
2. Prøv meg, Herre, ¬gransk meg nøye,prøv hjarta og nyrer ¬som med eld!
3. Eg har hatt din truskap for augaog har ferdast i di sanning.
4. Eg sit ikkje saman med svikararog held ikkje lag ¬med falske folk.
5. Eg hatar samvære ¬med ugjerningsmenn,hjå gudlause sit eg ikkje.
6. Eg vaskar mine hender ¬i uskyld.Eg går ikring ditt altar, Herre,
7. medan eg lèt takkesongen lydaog fortel om alle dine under.
8. Herre, eg elskar huset du bur i,staden der din herlegdom ¬held til.
9. Riv meg ikkje bort ¬med syndarar,så eg misser livet ¬saman med drapsmenn.
10. Deira hender er sulka av udåd,deira høgre hand ¬er full av muter.
11. Men eg har vore heil i mi ferd.Fri meg ut og ver meg nådig!
12. No står eg med foten ¬på jamn grunn.I samlingane vil eg ¬prisa Herren.