1. Til korleiaren. Etter «Morgonrodens hind». Ein Davids-salme.
2. Min Gud, min Gud, ¬kvifor har du forlate meg?Kvifor er du så langt borte ¬frå meg?Kvifor hjelper du ikkjenår eg klagar mi naud?
3. Eg ropar om dagen, Gud ¬– du svarar meg ikkje,og om natta, ¬men eg finn ikkje ro.
4. Og du er då heilag,du som tronar ¬over Israels lovsongar.
5. Til deg sette fedrane våre si lit,dei leit på deg, og du fria dei ut.
6. Dei ropa til deg og vart berga,dei leit på deg ¬og vart ikkje vonbrotne.
7. Men eg er ein makk ¬og ikkje ein mann,spotta av menneske, ¬vanvørd av folk.
8. Alle som ser meg, ¬held meg for narr,rengjer munnen ¬og rister på hovudet:
9. «Han har lagt si sak ¬i Herrens hand.No får han fria han ut ¬og berga han,han har då mannen kjær!»
10. Ja, du drog meg fram ¬frå mors livog la meg trygt ¬ved hennar bryst.
11. Frå eg vart fødd, ¬er eg kasta på deg,frå mors liv er du min Gud.
12. Så gå ikkje frå meg, ¬for nauda er nær,og det finst ingen som hjelper.
13. Sterke oksar kringset meg,Basan-stutar flokkar seg ¬rundt meg.
14. Dei spilar opp gapet mot megsom rovgriske, brølande løver.
15. Mi kraft er uttømd liksom vatn,alle mine bein har losna.Mitt hjarta er som voks,det har smelta i mitt bryst.
16. Min strupe er turr ¬som eit krusbrot,og tunga klistrar seg til ganen.Du legg meg i dødens støv.
17. Ja, hundar samlar seg om meg,ein flokk av valdsmenn ¬kringset meg;dei gjennomborar mine hender ¬og føter.
18. Kvart bein i min kropp ¬kan eg telja,folk stirer på meg ¬med skadefryd.
19. Dei skifter kleda mine ¬mellom segog kastar lodd om kappa mi.
20. Men, Herre, ¬ver ikkje langt ifrå meg,skunda deg og hjelp meg, ¬du min styrke!
21. Berga mitt liv frå sverdet,det beste eg har, frå hundevald!
22. Frels meg frå løvegapog frå villoksehorn!Du bønhøyrer meg.
23. Eg vil forkynna ditt namn ¬for mine brør,midt i lyden vil eg lova deg.
24. «Pris Herren, ¬de som har age for han,gjev han ære, all Jakobs ætt!Ja, skjelv for han, all Israels ætt!
25. For han har ikkje ¬vanvørdt ein stakkareller vendt seg frå han ¬når han var i naud.Han løynde ikkje sitt åsyn ¬for han,men høyrde han då han ropa.»
26. Frå deg kjem min lovsongi den store lyden.Eg vil halda mine lovnadermellom dei som har age for deg.
27. Dei hjelpelause ¬skal eta seg mette,dei som søkjer Herren, ¬skal prisa han.Gjev hjarta deira alltid må leva!
28. I alle land skal dei ¬minnast detteog venda om til Herren;ja, alle folk og ætterskal bøya seg og tilbe han.
29. For kongeveldet ¬høyrer Herren til,han rår over folkeslaga.
30. Ja, alle dei mektige på jordskal bøya seg og tilbe han;alle som steig ned i molda,skal bøya kne for han.Eg vil leva for Herren,
31. og mi ætt skal tena hanog vitna om han ¬for ætter som kjem.
32. Til nye ættleder skal dei forteljaat han greip inn til frelse.