1. Ein salme. Ein song til tempelvigsla.Av David.
2. Eg lovar og prisar deg, Herre;for du drog meg opp or djupet,du lét ikkje mine fiendar ¬triumfera over meg.
3. Herre, min Gud, eg ropa til deg,og du lækte meg.
4. Herre, frå dødsriket ¬førte du meg opp,du gav meg liv ¬og berga meg frå grava.
5. Spel for Herren, de hans trugne,og lovsyng hans heilage namn!
6. Ein augneblink ¬varer hans vreide,hans nåde varer livet ut.Om kvelden kjem gråt ¬som gjest,om morgonen er det gledesong.
7. Eg kjende meg trygg og tenkte:«Aldri i æve skal eg rikkast!»
8. Herre, i din nådesette du meg på fast fjell;men så løynde du ditt åsyn,og eg vart gripen av redsle.
9. Då ropa eg til deg, Herre,inderleg bad eg til min Gud:
10. «Kva gagnar det at eg må døy,at eg må gå i grav?Kan vel støvet prisa deg,kan det forkynna din truskap?
11. Høyr meg, Herre, ¬og ver meg nådig!Herre, kom meg til hjelp!
12. Du vende mi sorg ¬og mi klage til dans;du løyste min syrgjebunadog lét meg bera gledeskrud.
13. Difor vil eg av heile mi sjelsyngja om deg og aldri teia.Eg takkar deg evig, ¬Herre, min Gud.