1. Til korleiaren. Etter Jedutun.Ein Asaf-salme.
2. Eg ropar til Gud,ja, eg ropar til Gud, ¬og han høyrer meg.
3. Den dagen eg er i naud, ¬søkjer eg Herren.Om natta retter eg ut mi hand,og ho trøytnar ikkje.Mi sjel lèt seg ikkje trøysta.
4. Eg tenkjer på Gud og sukkar;eg gruvlar ¬og kjenner meg kraftlaus. Sela
5. Heile natta held du meg vaken;eg er så uroleg, ¬eg kan ikkje tala.
6. Eg tenkjer på gamle dagarog minnest framfarne år.
7. Om natta strevar eg ¬med tankar,eg gruvlar, mi ånd granskar.
8. Vil Herren støyta oss bort ¬for alltidog aldri visa sin godvilje meir?
9. Er hans truskap for evig slutt,har ordet hans stilna ¬for alle ætter?
10. Kan Gud ha gløymt ¬å vera nådig,er han vreid ¬og held att si miskunn? Sela
11. Eg seier: «Det piner megat Den Høgste har drege til seg ¬si hand.
12. Eg minnest Herrens ¬gjerningar,minnest dei under ¬du gjorde før.
13. Eg tenkjer på kvar dåd ¬du gjorde,og grundar på dine storverk.
14. Gud, i heilagdom går du fram.Kvar er ein gud ¬så stor som Herren?
15. Du er den Gud som gjer under,mellom folka har du synt ¬di kraft.
16. Med velde løyste du ut ¬ditt folk,sønene åt Jakob og Josef. Sela
17. Vatnet såg deg, Gud;vatnet såg deg og skalv,ja, havdjupet skalv av redsle.
18. Regnet strøymde frå skyene,tora dunde ¬frå skykledd himmel,og lyna fór av stad som piler.
19. Du lét tora rulla som vognhjul,lyna lyste opp jordkrinsen;jorda riste og skalv.
20. Din veg ¬gjekk midt gjennom sjøen,din stig gjennom veldig vatn;men ingen kjende dine fotspor.
21. Du førte ditt folk som ei hjordved handa åt Moses og Aron.