1. Ein song til festferdene. Til Herren ropa eg i mi naud,og han høyrde mi bøn.
2. Frels meg frå lipper som lyg,frå falske tunger, Herre!
3. Kva skal han gje deg, ¬du falske tunge,og kva meir skal han la deg få?
4. Kvasse piler ¬frå stridsmannens bogeog gloande kol ¬av gyvelbusken.
5. Ve meg, som må halda til ¬i Mesjekog bu mellom Kedars telt!
6. Altfor lenge har eg buttmellom folk som hatar fred.
7. Eg ynskjer fred; ¬men seier eg eit ord,er dei ferdige til strid.