1. Til korleiaren. Etter «Den åttande».Ein Davids-salme.
2. Berga meg, Herre! ¬Dei trugne er borte,det finst ikkje ¬trufaste menneske meir.
3. Lygn talar dei, ¬kvar med sin neste,med tvihug og falske lipper.
4. Gjev Herren må rydja ut allesom fer med lygnog talar store ord,
5. som seier:«Vi har vår styrke i tunga,og vi har lippene med oss.Kven meistrar vel oss?»
6. «Fordi dei verjelause ¬vert trælkaog dei fattige styn,vil eg reisa meg no,» ¬seier Herren.«Eg vil frelsa deisom stundar etter hjelp.»
7. Herrens ord er reine ord,lik sølv som er skirsla ¬i smelteomnen,sju gonger reinsa.
8. Herre, du vil vara oss,alltid verna oss mot denne ætta,
9. når gudlause menneske ¬fer ikring,og usseldom får makta ¬mellom folk.