1. Ein Davids-salme.Herre, eg ropar til deg.Skunda deg og hjelp meg!Vend øyra til mi røyst ¬når eg ropar til deg!
2. Lat mi bøn gjelda ¬som røykjelse for deg,mine opplyfte hender ¬som offer om kvelden.
3. Herre, set vakt for min munn,vakta mine lippers dør!
4. Lat meg ikkje få lyst ¬til noko vondt,til å gjera gudlause gjerningarsaman med ugjerningsmenn!Deira beste mat ¬vil eg ikkje smaka.
5. Ein rettferdig mann ¬kan slå meg,han tuktar meg i kjærleik.Men gudlause skal aldrifå salva mitt hovud.Alltid set eg mi bønopp mot deira vondskap.
6. Deira hovdingar skal støytast ¬nedetter berget,og dei skal få merka ¬at mine ord var gode.
7. Som når ein pløyer ¬og velter opp jord,skal beina deira strøyast utved inngangen til dødsriket.
8. Ja, Herre, ¬mine augo er vende mot deg,eg flyr til deg.Lat ikkje livet mitt spillast!
9. Hald meg borte frå snara ¬dei set for meg,frå fellene åt ugjerningsmenn!
10. Lat dei gudlause falla ¬i sine eigne garn,medan eg går uskadd framom.