1. Pris Herren, for han er god,hans miskunn varer ¬til evig tid!
2. Så skal Herrens utløyste seia,dei som han løyste ut or nauda
3. og samla frå andre land,frå aust og vest, frå nord og sør.
4. Somme fór vilt ¬i øydemark og hei;dei fann ikkje veg ¬til ein by å bu i.
5. Dei var svoltne og tyrsteog hadde ikkje kraft i si sjel.
6. Då ropa dei i si naud ¬til Herren,og han fria dei ut or trengslene.
7. Han førte dei ¬på den rette vegen,så dei kom til ein by ¬dei kunne bu i.
8. Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,at han gjer under ¬for menneska,
9. at han sløkkjer ¬deira brennande torsteog mettar dei svoltne ¬med det som godt er.
10. Somme sat ¬i stummande mørker,hjelpelause, bundne i jern,
11. fordi dei hadde stått ¬Guds ord imotog vanvørdt dei råd ¬Den Høgste gav.
12. Deira hjarto var tyngde ¬av møde;dei snåva, ¬og det var ingen som hjelpte.
13. Då ropa dei i si naud ¬til Herren,og han frelste dei ut ¬or trengslene.
14. Han førte dei ut ¬or stummande mørkerog sleit deira lekkjer sund.
15. Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,at han gjer under ¬for menneska,
16. at han sprengjer bronseportarog slår jernbommar sund.
17. Somme vart dårar ¬ved si syndige ferd,dei laut lida ¬for sine misgjerningar.
18. Alle slag mat baud dei imot,dei kom heilt til dødens portar.
19. Då ropa dei i si naud ¬til Herrren,og han frelste dei ut ¬or trengslene.
20. Han sende sitt ord og lækte deiog fria dei frå grava.
21. Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,at han gjer under for menneska.
22. Dei skal bera fram takkofferog fortelja med fryd ¬om hans gjerningar.
23. Somme fór ut på havet ¬med skip,dreiv handel på store hav.
24. Dei fekk sjå ¬Herrens gjerningar,hans underverk ute på djupet.
25. Han baud, og det bles opp ¬til uver,havsens bylgjer gjekk høge.
26. Dei steig mot himmelen, ¬sokk i djupet,så folk miste motet i nauda.
27. Dei tumla og raga som drukne,var heilt frå sans og samling.
28. Då ropa dei i si naud ¬til Herren,og han førte dei ut ¬or trengslene.
29. Han fekk stormen til å stilna,havsens bylgjer fall til ro.
30. Glade vart dei då det stilna;han førte dei ¬til den hamn dei ynskte.
31. Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,at han gjer under ¬for menneska.
32. Dei skal lova han ¬når folket er samla,og prisa han der dei eldste sit.
33. Han gjorde elvar til øydemark,vassrike kjelder ¬til tyrstande land
34. og grøderik jord til saltlende;for dei som budde der, ¬var vonde.
35. Han gjorde øydemark ¬til sevgrodd tjørnog det turre landet til kjelder.
36. Der lét han dei sveltande ¬slå seg ned,dei fekk grunnleggja ein by ¬til å bu i.
37. Dei sådde åkrane til, ¬planta vintreog hausta frukta og grøda.
38. Han velsigna folket, ¬det voks seg stort,og han lét det ikkje vanta fe.
39. Men sidan minka dei i tal;dei vart bøygde og tyngdeav ulukke og sorg.
40. Han auste vanvørdnad ¬ut over stormennog lét dei villa seg bort ¬i veglaus audn,
41. men lyfte dei fattige opp ¬or armodog gjorde deira ætter ¬til ein talrik flokk.
42. Dei ærlege ser det ¬og gleder seg,men all vondskap ¬må lata att sin munn.
43. Den som er vis, ¬skal merka seg detteog akta ¬på Herrens velgjerningar.