1. Av David. Eg prisar deg, Herre, ¬av heile mitt hjarta,eg lovsyng deg ¬for augo på gudar.
2. Eg kastar meg ned ¬for ditt heilage tempelog prisar deg for di miskunn ¬og din truskap.Du har gjort ditt namn ¬og ditt ordstørre enn alle ting.
3. Den dagen eg ropa, ¬svara du meg;du gav meg mot og kraft i sjela.
4. Alle kongar på jord ¬skal prisa deg, Herre,når dei får høyra ¬dei ord du har tala.
5. Dei skal syngja ¬om Herrens vegar,for Herrens herlegdom er stor.
6. Ja, høg er Herren, ¬men han ser til den låge,langt bortanfrå ¬kjenner han den stolte.
7. Om eg ferdast i trengsle, ¬held du meg i live,du retter ut di hand ¬mot mine rasande fiendarog bergar meg ¬med di høgre hand.
8. Herren vil fullføra verket ¬for meg.Herre, di miskunn varer evig.Hald ikkje opp ¬med det verk du gjer!