1. Ein lovsong av David.Eg vil lovsyngja deg, ¬min Gud og konge,og velsigna ditt namn ¬til evig tid.
2. Eg vil lova deg ¬kvar einaste dagog prisa ditt namn til evig tid.
3. Stor er Herren, ¬ja, høglova er han,uransakeleg er hans stordom.
4. Ætt etter ætt ¬skal prisa di gjerning,fortelja om dei storverk ¬du gjer.
5. Dei talar om din herlegdom ¬og høge majestet,eg grundar på dine under.
6. Dei talar om ¬dine mektige gjerningar,eg fortel om dine storverk.
7. Dei kallar fram minnet ¬om all din godleikog syng med fagnad ¬om di rettferd.
8. Nådig og mild er Herren,langmodig og rik på miskunn.
9. Herren er god mot alle,miskunnsam mot alle ¬sine skapningar.
10. Heile din skapning takkar deg, ¬Herre,dei som held di pakt, ¬prisar deg.
11. Dei talar om ditt herlege ¬kongedøme,fortel om di veldige kraft,
12. så menneska skal få kjenna ¬ditt veldeog den strålande herlegdomen ¬i ditt rike.
13. Ditt rike står ¬gjennom alle tider,ditt herrevelde varer ¬frå ætt til ætt.
14. Herren støttar kvar den ¬som fell,og reiser alle nedbøygde opp.
15. Alle vender augo ventande ¬til deg,og du gjev dei mat i rette tid.
16. Du opnar di hand ¬og mettar alt som lever,med det som godt er.
17. Rettferdig er Herren ¬i all si ferdog trufast i alt det han gjer.
18. Herren er nær ¬hjå alle som kallar,hjå alle som ærleg kallar på han.
19. Han gjer det dei ynskjer,dei som har age for han,han høyrer deira rop ¬og frelser dei.
20. Herren vernar alle ¬som elskar han,men dei gudlause ¬rydjar han ut.
21. Eg vil lovsyngja Herren;til evig tid skal alt som lever,lova hans heilage namn.