1. Til korleiaren. Ein song. Ein salme.Lat hyllingsrop lyda for Gud, ¬all jorda,
2. og syng om hans ¬herlege namn!Lovsyng Guds herlegdom
3. og sei til han:«Kor agelege ¬dine gjerningar er!» Di makt er så storat dine fiendar kryp for deg.
4. Heile jorda skal bøya seg ¬og tilbe deg,dei skal spela for deg ¬og prisa ditt namn. Sela
5. Kom og sjå Guds gjerningar!Ageleg er hannår han gjer sitt verk ¬mellom menneska.
6. Han gjorde sjøen til turt land,gjennom elva gjekk dei til fots. Lat oss gleda oss i han!
7. Han rår med velde til evig tidog held auga med folkeslag;dei som vil opprør, ¬reiser seg ikkje. Sela
8. Pris vår Gud, de folkeætter,lat lovsongen ljoma for han,
9. han som held oss i liveog ikkje lèt vår fot vera ustø.
10. For du har sett oss på prøve, ¬Gud,og reinsa oss, ¬som dei reinsar sølv.
11. Du lét oss gå i garnetog la ei bør på våre hofter.
12. Du lét menneske fara fram ¬over våre hovud,vi laut gå gjennom eld og vatn.Men du førte oss ut ¬og gav oss overflod.
13. Eg kjem med brennoffer ¬til ditt hus,eg vil halda mine lovnader ¬til deg,
14. dei lovnader som kom ¬over mine lipper,og som eg gav då eg var i naud.
15. Eg gjev deg gjøfe til brennofferog lèt røyken av verar ¬stiga opp til deg;eg ofrar både oksar ¬og bukkar. Sela
16. Kom hit og høyr,alle de som har age for Gud,så skal eg forteljakva han har gjort mot meg.
17. Frå min munn steig ropet ¬til han,og på mi tunge var det lovsong.
18. Hadde eg hatt urett i tankar,ville Herren ikkje ¬ha høyrt meg.
19. Men Gud har sanneleg høyrt!Han lydde på mitt bønerop.
20. Lova vere Gud,som ikkje sa nei til mi bønog ikkje tok si miskunn ¬frå meg!