1. Til korleiaren. Av David. Ein salme.Min Gud, som eg lovsyng, ¬ver ikkje tagal!
2. No opnar dei gudlause ¬munnen,ein svikefull munn, ¬imot meg.Dei talar til meg ¬med lygnartunge,
3. kringset meg med hatefull taleog strider mot meg utan grunn.
4. Til løn for min kjærleikklagar dei meg; men eg bed.
5. Dei løner godt med vondtog gjev meg hat ¬for min kjærleik.
6. Gjev min motstandar ¬over til ein gudlaus,lat ein klagar stå ¬ved hans høgre side!
7. Lat han gå domfelt ¬frå retten,lat hans bøn verta halden ¬for synd!
8. Lat hans levedagar verta fåog ein annan ta hans embete!
9. Lat borna hans verta farlauseog kona hans enkje!
10. Lat borna flakka ikring ¬og be seg,gå tiggargang ¬frå øydelagd heim.
11. Alt han eig, skal ein ågerkar ta,framande skal rana ¬frukta av hans strev.
12. Ingen skal visa han ¬truskap meireller ynkast ¬over hans farlause born.
13. Hans etterkomarar ¬skal rydjast ut,deira namn skal strykast ¬i neste ættled.
14. Herren skal minnast ¬hans fedrars skuld,synda åt mor hans ¬skal ikkje takast bort.
15. Herren skal alltid ¬ha dei for auga,minnet om dei ¬skal rydjast ut frå jorda.
16. For han tenkte aldri ¬på å visa truskap,men forfylgde dei arme ¬og fattige,og dei motlause ¬ville han drepa.
17. Han elska å forbanna– lat forbanning råka ¬han sjølv!Han lika ikkje å velsigna– lat han aldri få velsigning!
18. Han tok forbanning på ¬som ein kledning– lat henne trengja inn ¬i hans kropp som vatn,i hans bein som olje!
19. Lat henne verta som ei kappe ¬han sveiper seg i,som eit belte ¬han alltid bind om seg!
20. Lat dette vera Herrens løntil dei som klagar megog talar vondt imot meg!
21. Men, Herre, du min Herre,gjer vel imot meg ¬for ditt namn skuld!Berga meg i din godleik ¬og truskap!
22. For eg er arm og fattig,mitt hjarta er såra i min barm.
23. Eg kverv som skuggen ¬når dagen hallar;som ei grashoppe ¬vert eg sopt bort.
24. Knea sviktar fordi eg fastar,min kropp turkar inn ¬fordi han ikkje får olje.
25. Eg har vorte til spott for dei,dei rister på hovudet ¬når dei ser meg.
26. Hjelp meg, Herre, min Gud,frels meg i di miskunn!
27. Så skal dei merka di hand ¬bak detteog skjøna at du har gjort det, ¬Herre.
28. Om dei forbannar, ¬velsignar du.Om dei reiser seg mot meg, ¬vert dei til skammar,og din tenar kan gleda seg.
29. Lat mine fiendar ¬kle seg i vanæreog sveipa seg i skam ¬som i ei kappe!
30. Så vil eg takka Herren ¬med lovsong,midt i mengda vil eg prisa han.
31. For han står attmed den fattige,vil hjelpa han mot dei ¬so m dømer han.