1. Halleluja!Syng ein ny song for Herren,lovsyng han ¬der dei trugne er samla.
2. Gjev Israel må gleda seg ¬over sin skapar,Sions søner jubla for sin konge.
3. Dei skal prisa hans namn ¬med dansog spela for han ¬med pauke og lyre.
4. For Herren har hugnad ¬i sitt folk,han kronar dei hjelpelause ¬med siger.
5. Dei trugne skal jubla med æreog ropa av fagnad på si lege.
6. Dei har lovsong til Gud ¬i sin munnog tvieggja sverd i si hand.
7. Dei vil ta hemn over folkeslagog tukta folkeætter,
8. binda kongane deira ¬med lekkjerog stormennene med jernband.
9. Dei skal halda dom over dei,så som det står skrive,til ære for alle hans trugne.Halleluja!