1. Av Korah-songarane. Ein salme.Ein song.Byen er grunnlagd ¬på heilage fjell.
2. Herren elskar Sionmest av alle Jakobs bustader.
3. Herlege ting er sagde om deg,du Guds by. Sela
4. Eg reknar Egypt og Babyloniamellom dei som kjenner meg.Om dei som bur i Filistarland, ¬Tyrus og Nubia,heiter det: «Dei er fødde der.»
5. Men om Sion skal det seiast:«Der er alle fødde.»Den Høgste sjølv ¬har grunnfest byen.
6. Når Herren skriv opp folka,tel han og seier:«Her er denne fødd.» Sela
7. Så syng dei og dansar og seier:«Alle mine kjelder er i deg.»