1. Ein Asaf-salme.Gud står fram i gudelyden,mellom gudar held han dom:
2. Kor lenge vil de fella urett domog halda med ¬dei ugudelege? Sela
3. Hjelp småkårsfolk og farlause ¬til deira rett,frikjenn dei arme og ¬trengande,
4. berga småkårsfolk og fattige,og fri dei ut or nidingars hand!
5. Dei har korkje vit eller skjøn,dei ferdast ikring i mørker,heile grunnvollen ¬under jorda ragar.
6. Eg har sagt: «De er gudar,søner åt Den Høgste er de alle.
7. Men som menneske ¬skal de døy,som ein av fyrstane ¬skal de falla.»
8. Reis deg, Gud, ¬og hald dom på jorda,for alle folkeslag ¬er din eigedom.