1. Halleluja!Syng lovsong, Herrens tenarar,lovsyng Herrens namn!
2. Lova vere Herrens namnfrå no og til evig tid!
3. Frå solrenning til solegladskal Herrens namn vera lova.
4. Opphøgd er Herren ¬over alle folkeslag,over himmelen ¬er hans herlegdom.
5. Kven er som Herren vår Gud,han som tronar i det høge,
6. som ser ned i det djupe,i himmelen og på jorda?
7. Han reiser dei ringe or støvet,lyfter dei fattige or oska
8. og sessar dei saman ¬med stormenn,med hovdingane i sitt folk.
9. Barnlaus kvinne lèt han bu ¬i husetsom lukkeleg mor ¬til ein barneflokk.Halleluja!