1. Ein Asaf-salme. Framande folk har trengt seg inni ditt arveland, Gud.Dei har gjort ¬ditt heilage tempel ureintog lagt Jerusalem i røys.
2. Dei har gjeve lika ¬av dine tenarartil føde for fuglane ¬under himmelen,og kjøtet av dine trugnetil villdyra på marka.
3. Dei har rent ut deira blod ¬som vatnrundt ikring Jerusalem,og det er ingen ¬som gravlegg dei.
4. Vi har vorte til hån ¬for grannane våre,til spott og spe ¬for folka ikring oss.
5. Kor lenge, Herre?Vil du vera harm for alltid?Kor lenge skal din iver ¬brenna som eld?
6. Renn din vreide ut ¬over framande folk,som ikkje kjenner deg,renn han ut over kongerike,der ingen kallar på ditt namn.
7. For dei har gjort ende på Jakobog lagt hans bustad i øyde.
8. Tilrekna oss ikkje dei syndersom våre fedrar gjorde.Skunda deg og møt oss ¬med di miskunn!For no er det ille med oss!
9. Hjelp oss, Gud,du som er vår frelsar,så ditt namn kan verta æra.Fri oss ut for ditt namn skuld,og tilgjev våre synder!
10. Kvifor skal folka seia:«Kvar er deira Gud?»Gjer det kjent mellom folka,og lat oss få sjå at du tek hemnfor det utrende blodet ¬av dine tenarar.
11. Høyr korleis fangane sukkar!Løys med din veldige armdei som er vigde til døden!
12. Lat våre grannar ¬få sju gonger attfordi dei har spotta deg, Herre.
13. Men vi, ditt folk, ¬den hjord du gjæter,vil lovsyngja deg til evig tid,forkynna din pris ¬frå ætt til ætt.