1. Ein Davids-salme.Herren seier til min herre:«Set deg ved mi høgre handtil eg får lagt dine fiendartil skammel for dine føter!»
2. Frå Sion retter Herren utdin mektige kongsstav.Ver herre mellom dine fiendar!
3. Ditt folk møter viljug framden dagen du mønstrar ¬din hær.I heilagt skrud ¬kjem din ungdom til degsom dogg ¬ut or morgonrodens fang.
4. Herren har svore ¬og angrar det ikkje:«Du skal vera prest ¬til evig tidpå Melkisedeks vis.»
5. Herren er ved di høgre side,han knuser kongar ¬på sin vreidedag.
6. Han dømer folkeslag ¬– det er fullt av lik,hovdingar knuser han ¬vidt over jord.
7. Kongen drikk or bekken ¬ved vegen,difor lyfter han hovudet høgt.