1. Herren er konge, ¬han har kledt seg i høgd,Herren har kledt seg ¬og butt seg med kraft.Jorda står fast, ¬ho kan ikkje rikkast.
2. Fast står din kongsstol ¬frå gamal tid;du er frå æve, Gud.
3. Frå straumane steig det, Herre,frå straumane steig det ¬eit drøn;det steig eit brus ¬frå straumane.
4. Men herlegare ¬enn den veldige vassflaum,herlegare ¬enn havsens brotsjøar,er Herren i det høge.
5. Dine lovbod er pålitelege.Heilagdom skal pryda ditt husi lange tider, Herre.