1. Ved Babels elvar, ¬der sat vi og gretnår vi kom Sion i hug.
2. På piletrea der i landetlét vi våre harper hanga.
3. Der bad dei oss syngja,dei som heldt oss fanga;dei som plaga oss, ¬kravde glede:«Syng for oss av ¬Sions songar!»
4. Korleis kan vi syngja ¬Herrens songpå framand jord?
5. Nei, gløymer eg deg, ¬Jerusalem,så lat mi høgre hand ¬verta gløymd!
6. Lat tunga hanga fast ved ganenom eg ikkje minnest deg,om eg ikkje set Jerusalemhøgare enn mi største glede!
7. Herre, kom Jerusalems dag ¬i hug,og Edoms søner som sa: ¬«Riv ned!Ja, riv ned til grunnen!»
8. Babels dotter, du som er herja,sæl er den som gjev deg attfor det du har gjort mot oss!
9. Sæl er den ¬som tek dine småbornog knuser dei mot berget!