1. Då Israel drog ut or Egypt,då Jakobs ætt tok ut frå eit folksom tala eit framandt språk,
2. vart Juda Herrens heilagdomog Israel hans rike.
3. Sjøen såg det og rømde,Jordan snudde og rann tilbake.
4. Fjella hoppa som verarog haugane som lam.
5. Kva har hendt deg, sjø, ¬sidan du rømer?Kvifor renn du tilbake, Jordan?
6. De fjell, ¬kvifor hoppar de som verar,de haugar, ¬kvifor spring de som lam?
7. Skjelv for Herrens åsyn, ¬du jord,skjelv for Jakobs Gud,
8. han som gjer berget til eit vatnog harde fjellet til ei kjelde.