1. Til korleiaren. Med strengespel.Ein læresalme av David.
2. Høyr mi bøn, Gud,løyn deg ikkje ¬når eg tryglar og bed.
3. Akta på meg og gjev meg svar!Eg får ikkje ro for mi sut.Eg er heilt ifrå meg
4. når fienden ropar,og dei gudlause ¬trykkjer meg ned.For dei velter vondskap ¬over meg,rasande går dei laus på meg.
5. Mitt hjarta skjelv i barmen,dødsangst kjem over meg.
6. Otte og age fyller meg,og heile kroppen skjelv.
7. Eg tenkte: ¬Hadde eg venger som dua,då flaug eg bort ¬og fann meg ein bustad.
8. Langt av garde ville eg rømaog halda til i øydemarka. Sela
9. Eg ville skunda meg i livdfor storm og rykande uver.
10. Skap redsle og rådløyse, Herre,og kløyv deira tunger! For eg ser berre vald ¬og strid i byen.
11. Dag og natt går dei ikring hanoppå murane.Vondskap og urett rår i byen,
12. han er full av rotenskap.Frå torget der ¬vik ikkje vald og svik.
13. Det er ikkje ein fiende ¬som spottar meg– det kunne eg nok tola,ingen uven ¬som audmykjer meg– då ville eg gøyma meg ¬for han.
14. Nei, det er du, min likemann,min gode ven og kjenning,
15. – vi som hadde det godt i lagog gjekk i festtog til Guds hus.
16. Lat døden koma over dei,lat dei levande fara ¬til dødsriket!For vondskap har dei ¬i heim og hug.
17. Men eg vil ropa til Gud,og Herren skal frelsa meg.
18. Både kveld og morgon ¬og midt på dagenmå eg klaga og sukka.Han vil høyra når eg ropar,
19. fria meg frå striden ¬og gje meg fred,endå mange går imot meg.
20. Gud skal høyra meg ¬og audmykja dei,han som frå eldgamal tid ¬sit på trona. SelaFor dei snur ikkje omog har ikkje age for Gud.
21. Fienden legg hand ¬på sine vener,skamlaust bryt han si pakt.
22. Hans tale er sleipare enn smør,men i hjarta ¬tenkjer han på strid.Hans ord er mildare enn olje,likevel er dei ¬som dregne sverd.
23. Kast di bør på Herren,han vil syta for deg!Aldri i æve skal hanla den rettferdige rikkast.
24. Men du, Gud,støyt drapsmenn og svikararned i den djupe grav,så dei berre får helvta ¬av sine dagar.Men eg set mi lit til deg.