1. Lov Herren, mi sjel!Stor er du, Herre, min Gud!I høgd og herlegdom ¬har du kledt deg,
2. ljoset er kappa du sveiper ¬deg i.Du har spent himmelen ut ¬som ein teltduk
3. og tømra din høgsal i vatnet.Du gjer skyer til di vognog fer fram ¬på vengene åt vinden.
4. Vindar gjer du til sendebod,eld og logar til dine tenarar.
5. Du grunnla jorda ¬på hennar søyler,aldri i æve skal ho rikkast.
6. Havdjupet gøymde henne ¬som ei kappe,vatnet stod over fjella.
7. Men det flydde ¬for ditt trugsmål,laut røma for ditt toremål.
8. Det steig over fjell ¬og seig ned i dalar,til staden du hadde fastsett ¬for det.
9. Du sette ei grense ¬det ikkje går over,det skal ikkje gøyma ¬jorda meir.
10. Du lèt kjelder strøyma fram ¬i dalane,bekker renn mellom fjella.
11. Dei gjev vatn ¬til alle villdyr på marka,der sløkkjer villesla sin torste.
12. Der har fuglane ¬under himmelen reir,dei syng mellom greinene.
13. Du vatnar fjella frå din høgsal,og jorda fyllest ¬med grøda du gjev.
14. Gras lèt du gro for dyra,og for menneska vokstrar ¬som dei kan dyrka.Slik lèt du brødet koma ¬frå jorda
15. – og vinen som gjer ¬menneske glade.Du lèt andletet skina av olje,og gjev brød ¬som styrkjer mennesket.
16. Herrens tre får sløkkja torsten,sedrane på Libanon, ¬som han har planta.
17. I dei byggjer fuglane reir,i sypressen har storken ¬sitt hus.
18. I dei høgaste fjell ¬har steinbukken sin heim,i bergskortene ¬finn grevlingen livd.
19. Du skapte månen ¬til tidarmerke,og sola, ¬som veit når ho skal glada.
20. Du sender mørker, ¬og natta kjem;då krek dei fram, ¬alle dyr i skogen.
21. Unge løver brøler etter rovog krev at Gud skal gje ¬dei føde.
22. Så renn sola, dei smyg seg bortog legg seg til ro i sine holer.
23. Då går mennesket ¬til si gjerning,vil gjera sitt arbeid ¬alt til kvelds.
24. Herre, kor mange ¬dine gjerningar er!Og alle har du gjort dei ¬med visdom;jorda er full av det du ¬har skapt.
25. Der er havet, så stort og vidt,med ei uteljande mengdav små og store dyr.
26. Der går skipa, der er Leviatan,som du har skapt ¬til å leika seg i havet.
27. Alle ventar dei på deg,at du skal gje dei mat i rette tid.
28. Du strøyer ut, ¬og dei kan sanka;du opnar handaog mettar dei med gode gåver.
29. Løyner du ditt andlet, ¬vert dei gripne av redsle;tek du livsanden frå dei, ¬døyr deiog vert atter til jord.
30. Du sender din Ande, ¬og liv vert skapt,heile jordflata nyar du opp att.
31. Gjev Herrens ære må vara evig,og Herren gleda seg ¬over sitt verk!
32. Når han ser på jorda, skjelv ho;når han rører fjella, ryk dei.
33. Eg vil syngja for Herren ¬heile mitt livog prisa min Gud ¬så lenge eg er til.
34. Gjev Herren ¬må ta vel imot mitt kvad,så eg kan gleda meg i han.
35. Lat syndarane kverva frå jorda,lat ingen gudlaus finnast meir!Lov Herren, mi sjel! Halleluja!