1. Pris Herren, ¬og kalla på hans namn,gjer hans storverk kjende ¬mellom folka!
2. Syng for han, og spel for han,tal om alle hans under!
3. Ros dykk av hans ¬heilage namn!Dei som søkjer Herren, ¬skal gleda seg.
4. Spør etter Herren og ¬hans makt,søk alltid hans åsyn!
5. Kom i hug dei under ¬han har gjort,hans teikn og domsord,
6. de born av Abraham, ¬hans tenar,Jakobs søner, ¬som han har valt ut.
7. Han er Herren vår Gud,over all jorda rår hans rett.
8. Han kjem si pakt i hug ¬til evig tid,det ord han gav til tusen ætter,
9. den pakt han gjorde ¬med Abraham,sin dyre lovnad til Isak.
10. Det gjorde han ¬til ei lov for Jakob,til ei evig pakt for Israel.
11. Han sa: «Deg vil eg gjeKanaan til arv og eige.»
12. Då dei endå var få i landet,ein liten flokk av innflyttarar,
13. vandra dei frå folk til folk,frå det eine riket til det andre.
14. Men han lét ingen få kua dei,han tukta kongar ¬for deira skuld:
15. «Rør ikkje dei som eg har salva,gjer ikkje vondt ¬mot mine profetar!»
16. Han kalla hungersnaud ¬over landet,og kvar brødstav ¬braut han sund.
17. Så sende han ein mann ¬i førevegen for dei,Josef vart seld til træl.
18. Dei tvinga hans føter i lekkjer,og jern vart lagt ¬om hans hals,
19. heilt til det han sa, slo til,og Herrens ord gav han rett.
20. Då kongen sende bod, ¬slapp Josef fri,folkestyraren sleppte han laus.
21. Han sette han til herre ¬over sitt hus,til styrar over alt det han åtte.
22. Etter sin eigen viljeskulle han rettleia ¬kongens stormennog læra hans eldste sin visdom.
23. Så kom Israel til Egypt,Jakob var innflyttar ¬i hamittarlandet.
24. Gud lét folket sitt aukast mykjeog gjorde det sterkare ¬enn fiendane.
25. Han vende deira hug, ¬så dei hata hans folkog fór med svik ¬mot hans tenarar.
26. Då sende han Moses, sin tenar,og Aron, som han hadde ¬valt ut.
27. Dei gjorde teikn frå Gud ¬mellom folket,undergjerningar ¬i hamittarlandet.
28. Han sende mørker, ¬og då mørkret fall på,trassa dei endå hans ord.
29. Han gjorde vatnet der til blodog lét fisken deira dauda.
30. Det krydde av frosk i landet,jamvel i kongens salar.
31. På Guds påbod kom det kleggog mygg i kvar ei bygd.
32. Han gav dei hagl ¬i staden for regnog sende logande eld ¬i landet;
33. han slo ned deira vintre ¬og fikentre,ja, knuste kvart tre i riket.
34. På hans bod ¬kom ein grashoppesvermog larver i tallaus mengd.
35. Dei åt opp alt ¬som voks i landet,og grøda på marka gnog dei av.
36. Gud slo alle fyrstefødde ¬i landet,fyrstegrøda av folkets kraft.
37. Så førte han israelittane ut,og dei tok med seg sølv og gull;det var ingen ¬i hans ætter som snåva.
38. I Egypt var det glede ¬då dei drog ut,for folket skalv ¬av redsle for dei.
39. Han breidde ut ei sky til vernog ein eld til å lysa om natta.
40. Dei kravde mat, ¬då sende han vaktlarog metta dei med himmelbrød.
41. Han opna berget, ¬og vatnet strøymde fram,det rann som ei elv ¬i det turre landet.
42. For han kom i hug ¬sitt heilage ordtil Abraham, sin tenar.
43. Så lét han folket dra ut ¬med glede,hans utvalde folk fekk fara ¬med jubel.
44. Han gav dei land ¬som andre folk åtte,dei fekk overta frukta ¬av deira strev,
45. så dei skulle halda ¬hans føresegnerog ta vare på hans lover.Halleluja!