1. Ein song til festreisene.Eg ropa til Herren i mi naud,og han svara meg.
2. Herre, berg meg frå lepper som lyg,frå tunger fulle av svik!
3. Kva skal han gje deg, du svikefulle tunge,kva meir skal han la deg få?
4. Stridsmannens kvasse pilerog brennande kol frå gyvelbusken!
5. Ve meg! Eg er innflyttar i Mesjek,eg bur mellom Kedars telt!
6. Altfor lenge har eg buddmellom folk som hatar fred.
7. Eg er fred,men om eg talar,går dei til krig.