1. Ein læresalme av David, då han var i hòla. Ei bøn.
2. Eg ropar høgt til Herren.Eg bed til Herren om nåde.
3. Eg auser ut mi klageog fortel han om mi naud.
4. Når ånda mi veiknar, kjenner du min stig.På vegen der eg går, set dei snarer.
5. Vend blikket mot høgre og sjå:Ingen kjennest ved meg,eg har ikkje nokon stad å flykta,ingen bryr seg om meg.
6. Herre, eg ropar til deg.Eg seier: Du er mi tilflukt,min del i landet til dei levande.
7. Høyr når eg ropar,for eg er fattig og hjelpelaus!Fri meg frå dei som jagar meg,dei er for sterke.
8. Før meg ut av fengseletså eg kan prisa ditt namn!Dei rettferdige skal samla seg om meg,for du gjer godt mot meg.