1. Ved elvane i Babel sat vi og gretnår vi tenkte på Sion.
2. Vi hengde lyreneopp i piletrea.
3. Dei som tok oss til fange, bad oss om song,dei som bortførte oss, bad om glede:«Syng ein av Sions songar for oss!»
4. Korleis kan vi syngja Herrens songarpå framand jord?
5. Gløymer eg deg, Jerusalem,så lat mi høgre hand bli gløymd!
6. Lat tunga klistra seg til ganenom eg ikkje tenkjer på deg,om eg ikkje set Jerusalemhøgare enn mi største glede!
7. Herre, hugs Jerusalems dagdå Edoms søner sa:«Riv ned! Riv ned til grunnen!»
8. Du dotter Babel som er herja,sæl er den som gjev deg attfor det du gjorde mot oss.
9. Sæl er den som grip dine bornog knuser dei mot berget!