1. Av David. Ein læresalme.Sæl er den som får sine brot tilgjevneog sine synder tildekte!
2. Sælt er det mennesketsom Herren ikkje tilreknar skuld,som i si ånd er utan svik.
3. Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bortmedan eg stønna heile dagen.
4. For dag og nattlåg di hand tungt på meg.Mi livssaft svannsom i heten om sommaren. Sela
5. Då sanna eg mi synd for deg,og mi skuld dekte eg ikkje over.Eg sa: «Eg vil sannamine brot for Herren.»Og du tok bort mi syndeskuld. Sela
6. Difor skal alle trugnebe til deg i tider med trengsle.Om det kjem ein veldig flaum,skal vatnet ikkje nå dei.
7. Du skjermar meg,du vernar meg mot naud,med frelsejubel omgjev du meg. Sela
8. Eg vil gjera deg vis og læra degden vegen du skal gå,eg vil la mitt auge kvila på degog gje deg råd.
9. Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,elles kjem dei ikkje til deg.
10. Den urettferdige har mange plager,men den som set si lit til Herren,kransar han med miskunn.
11. Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige!Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet!