Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52
  53. 53
  54. 54
  55. 55
  56. 56
  57. 57
  58. 58
  59. 59
  60. 60
  61. 61
  62. 62
  63. 63
  64. 64
  65. 65
  66. 66
  67. 67
  68. 68
  69. 69
  70. 70
  71. 71
  72. 72
  73. 73
  74. 74
  75. 75
  76. 76
  77. 77
  78. 78
  79. 79
  80. 80
  81. 81
  82. 82
  83. 83
  84. 84
  85. 85
  86. 86
  87. 87
  88. 88
  89. 89
  90. 90
  91. 91
  92. 92
  93. 93
  94. 94
  95. 95
  96. 96
  97. 97
  98. 98
  99. 99
  100. 100
  101. 101
  102. 102
  103. 103
  104. 104
  105. 105
  106. 106
  107. 107
  108. 108
  109. 109
  110. 110
  111. 111
  112. 112
  113. 113
  114. 114
  115. 115
  116. 116
  117. 117
  118. 118
  119. 119
  120. 120
  121. 121
  122. 122
  123. 123
  124. 124
  125. 125
  126. 126
  127. 127
  128. 128
  129. 129
  130. 130
  131. 131
  132. 132
  133. 133
  134. 134
  135. 135
  136. 136
  137. 137
  138. 138
  139. 139
  140. 140
  141. 141
  142. 142
  143. 143
  144. 144
  145. 145
  146. 146
  147. 147
  148. 148
  149. 149
  150. 150

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 55 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme. Av David.

2. Vend øyret til mi bøn, Gud,løyn deg ikkje når eg bed.

3. Lytt til meg og gjev meg svar!Eg er kvilelaus i mi sut.Eg er ute av meg,

4. for fienden ropar,dei lovlause trykkjer meg ned.Dei velter urett over meg,rasande går dei mot meg.

5. Hjartet vrid seg i meg,eg er gripen av dødsangst.

6. Eg skjelv av frykt,eg er overvelda av redsle.

7. Eg sa: Hadde eg berre venger som dua!Då flaug eg bort og fann meg ein bustad.

8. Langt av garde ville eg rømma,i ørkenen ville eg slå meg ned. Sela

9. Eg ville skunda meg i lyfor rasande vind og storm.

10. Herre, forvirr dei og kløyv deira tungemål!For eg ser vald og strid i byen.

11. Dag og natt går dei ikring på bymuren.Innanfor er ugjerning og urett.

12. Øydelegging rår der inne,svik og vald vik ikkje frå torget.

13. Var det ein fiende som spotta meg,kunne eg bera det.Var det ein uven som såg ned på meg,ville eg gøyma meg for han.

14. Men det er du, min like,min gode ven og kjenning,

15. vi som tala fortruleg samanog gjekk i festtog i Guds hus.

16. Lat døden koma over dei,lat dei fara til dødsriket midt i livet!For dei har vondskap i heim og hug.

17. Men eg vil ropa til Gud,og Herren skal frelsa meg.

18. Kveld og morgon og midt på dagenklagar og sukkar eg,og han skal høyra ropet mitt.

19. Han skal fria meg frå strid og gje meg fred,endå mange går mot meg.

20. Gud skal høyra og audmjuka dei,han som tronar frå eldgammal tid. SelaFor dei forandrar seg ikkje,dei fryktar ikkje Gud.

21. Fienden legg hand på sine vener,han bryt si pakt.

22. Hans tale er glattare enn smør,men han har strid i sinne.Hans ord er mjukare enn olje,men dei er dregne sverd.

23. Kast di bør på Herren,han vil sørgja for deg!Han lèt aldri den rettferdige vakla.

24. Men du er Gud.Støyt dei ned i den djupe grava!Drapsmenn og svikarar når ikkje halve si levetid.Men eg set mi lit til deg.