Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52
  53. 53
  54. 54
  55. 55
  56. 56
  57. 57
  58. 58
  59. 59
  60. 60
  61. 61
  62. 62
  63. 63
  64. 64
  65. 65
  66. 66
  67. 67
  68. 68
  69. 69
  70. 70
  71. 71
  72. 72
  73. 73
  74. 74
  75. 75
  76. 76
  77. 77
  78. 78
  79. 79
  80. 80
  81. 81
  82. 82
  83. 83
  84. 84
  85. 85
  86. 86
  87. 87
  88. 88
  89. 89
  90. 90
  91. 91
  92. 92
  93. 93
  94. 94
  95. 95
  96. 96
  97. 97
  98. 98
  99. 99
  100. 100
  101. 101
  102. 102
  103. 103
  104. 104
  105. 105
  106. 106
  107. 107
  108. 108
  109. 109
  110. 110
  111. 111
  112. 112
  113. 113
  114. 114
  115. 115
  116. 116
  117. 117
  118. 118
  119. 119
  120. 120
  121. 121
  122. 122
  123. 123
  124. 124
  125. 125
  126. 126
  127. 127
  128. 128
  129. 129
  130. 130
  131. 131
  132. 132
  133. 133
  134. 134
  135. 135
  136. 136
  137. 137
  138. 138
  139. 139
  140. 140
  141. 141
  142. 142
  143. 143
  144. 144
  145. 145
  146. 146
  147. 147
  148. 148
  149. 149
  150. 150

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 135 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Halleluja!Lovsyng Herrens namn,syng lovsong, Herrens tenarar,

2. de som står i Herrens hus,i føregardane til vår Guds hus!

3. Pris Herren, for Herren er god,lovsyng hans namn, for det er herleg!

4. Herren har valt ut Jakob,gjort Israel til sin eigedom.

5. Eg veit at Herren er stor,vår Herre er større enn alle gudar.

6. Alt Herren vil, det gjer han,i himmelen og på jorda,i havet og i alle djup.

7. Han lèt skyer gå opp frå enden av jorda,han lagar lyn og regnog lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.

8. Han slo dei førstefødde i Egypt,både menneske og dyr.

9. Han sende teikn og undermot deg, Egypt,mot farao og alle hans tenarar.

10. Han slo mange folkeslagog drap mektige kongar:

11. amorittkongen Sihon,kong Og i Basan,og alle kongerike i Kanaan.

12. Han gav landet deira til eigedom,til eigedom for Israel, sitt folk.

13. Herren er ditt namn til evig tid, Herren skal du kallast frå slekt til slekt.

14. For Herren vil skaffa folket sitt rettog ha medkjensle med sine tenarar.

15. Gudebileta til folka er sølv og gull,menneskehender har laga dei.

16. Dei har munn, men kan ikkje tala,dei har auge, men kan ikkje sjå.

17. Dei har øyre, men kan ikkje høyra,det er ikkje ande i deira munn.

18. Slik blir også dei som lagar dei,og alle som set si lit til dei.

19. Velsign Herren, Israels hus!Velsign Herren, Arons hus!

20. Velsign Herren, Levis hus!Velsign Herren, de som fryktar han.

21. Velsigna er Herren frå Sion,han som bur i Jerusalem.Halleluja!