1. Ein song til festreisene.Då Herren vende Sions lagnad,var det som ein draum for oss.
2. Då fyltest vår munn med lått,vår tunge med jubel.Då sa dei mellom folka:«Stort er det som Herren har gjort mot dei.»
3. Ja, stort er det som Herren gjorde mot oss,og vi vart glade.
4. Herre, vend vår lagnadsom bekkene i Negev!
5. Dei som sår med tårer,skal hausta med jubel.
6. Gråtande går dei ut og ber sitt såkorn,med jubel kjem dei tilbake og ber sine kornband.