Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52
  53. 53
  54. 54
  55. 55
  56. 56
  57. 57
  58. 58
  59. 59
  60. 60
  61. 61
  62. 62
  63. 63
  64. 64
  65. 65
  66. 66
  67. 67
  68. 68
  69. 69
  70. 70
  71. 71
  72. 72
  73. 73
  74. 74
  75. 75
  76. 76
  77. 77
  78. 78
  79. 79
  80. 80
  81. 81
  82. 82
  83. 83
  84. 84
  85. 85
  86. 86
  87. 87
  88. 88
  89. 89
  90. 90
  91. 91
  92. 92
  93. 93
  94. 94
  95. 95
  96. 96
  97. 97
  98. 98
  99. 99
  100. 100
  101. 101
  102. 102
  103. 103
  104. 104
  105. 105
  106. 106
  107. 107
  108. 108
  109. 109
  110. 110
  111. 111
  112. 112
  113. 113
  114. 114
  115. 115
  116. 116
  117. 117
  118. 118
  119. 119
  120. 120
  121. 121
  122. 122
  123. 123
  124. 124
  125. 125
  126. 126
  127. 127
  128. 128
  129. 129
  130. 130
  131. 131
  132. 132
  133. 133
  134. 134
  135. 135
  136. 136
  137. 137
  138. 138
  139. 139
  140. 140
  141. 141
  142. 142
  143. 143
  144. 144
  145. 145
  146. 146
  147. 147
  148. 148
  149. 149
  150. 150

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 56 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam. Av David, då filistrane greip han i Gat.

2. Ver meg nådig, Gud! Folk jagar meg,stridsmenn trengjer seg på meg heile dagen.

3. Fiendar jagar meg dagen lang,frå si høgd går dei til åtak, dei er mange.

4. Når eg er redd, stolar eg på deg.

5. Eg stolar på Gud, eg prisar hans ord.Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd.Kva kan vel menneske gjera meg?

6. Dei vrir på orda mine dagen lang,dei tenkjer berre på å skada meg.

7. Dei slår seg saman og ligg på lur,dei vaktar mine steg,ventar berre på å ta mitt liv.

8. Skal dei sleppa unna med sin urett?Støyt folkeslag ned i din vreide, Gud!

9. Du har talt mine heimlause steg,mine tårer har du samla i di lêrflaske.Står det ikkje i di bok?

10. Difor må fienden dra seg tilbakeden dagen eg ropar.Det veit eg, at Gud er med meg.

11. Eg stolar på Gud, eg prisar ordet,eg lit på Herren, eg prisar ordet.

12. Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd.Kva kan eit menneske gjera meg?

13. Eg vil halda mine lovnader til deg, Gud,difor kjem eg med lovsongsoffer til deg.

14. For du har berga mitt liv frå dødenog foten frå å snubla,så eg kan ferdast for Guds andlet i livsens lys.