Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Korleis israelittane skal halda påske

1. Året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, i den fyrste månaden, tala Herren til Moses i Sinai-øydemarka og sa:

2. «Israelittane skal halda påske til fastsett tid.

3. Den fjortande dagen i denne månaden, straks etter soleglad, skal de halda helg, på den tid som er fastsett. Og de skal gjera det etter alle dei lover og føresegner som gjeld.»

4. Då sa Moses til israelittane at dei skulle halda påske.

5. Og så heldt dei påskehelg i Sinai-øydemarka den fjortande dagen i den fyrste månaden, straks etter soleglad. Israelittane gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt Moses føre.

6. No var det nokre menn som hadde kome nær eit lik og vorte ureine, så dei ikkje kunne halda påske den dagen. Desse mennene gjekk same dagen fram for Moses og Aron

7. og sa: «Vi har kome nær eit lik og er vortne ureine. Kvifor har ikkje vi lov til å bera fram ei offergåve til Herren på høgtida saman med dei andre israelittane?»

8. Då svara Moses: «Venta litt, så skal eg høyra kva påbod Herren gjev om dykk!»

9. Herren sa til Moses:

10. Tal til israelittane og sei: Om nokon av dykk eller etterkomarane dykkar kjem nær lik og vert ureine, eller om dei er på langferd, skal dei like fullt halda påske for Herren.

11. Den fjortande dagen i den andre månaden, straks etter soleglad, skal dei halda helg. Dei skal eta påskelammet med usyrt brød og bitre urter attåt.

12. Dei må ikkje leiva noko av lammet til om morgonen og ikkje bryta bein i det. Alle dei føresegnene som gjeld for påskehelga, skal dei fylgja.

13. Dersom ein mann som er rein og ikkje er på reis, lèt vera å halda påske, skal han rydjast ut or folket sitt, fordi han ikkje har bore fram offergåvene til Herren på høgtida. Den mannen må bøta for si synd.

14. Når ein innflyttar som bur hjå dykk, vil halda påske for Herren, skal han òg fylgja dei lovene og føresegnene som gjeld for påskehelga. Ei og same lov skal gjelda for alle, både for innflyttaren og for den som er fødd og fostra i landet.

Skya over heilagdomen

15. Den dagen heilagdomen vart reist, la skya seg over han, over lovteltet. Om kvelden var det som ein eld å sjå over heilagdomen, og den heldt seg til om morgonen.

16. Såleis var det støtt. Skya låg over teltet, og om natta var ho liksom ein eld.

17. Kvar gong skya lyfte seg frå teltet, tok israelittane straks ut; og på den staden der skya stogga, slo dei leir.

18. På Herrens ord tok israelittane ut, og på Herrens ord slo dei leir. Så lenge skya låg over heilagdomen, heldt dei seg i leiren.

19. Israelittane tok heller ikkje ut når skya låg over heilagdomen i mange dagar; dei retta seg etter Herrens påbod.

20. Stundom låg skya berre nokre få dagar over heilagdomen. Då heldt dei seg i leiren så lenge Herren ville, og dei tok ut når han ville.

21. Stundom låg skya berre frå kveld til morgon. Då tok israelittane ut så snart ho lyfte seg om morgonen. Anten det var dag eller natt, tok dei ut når skya lyfte seg.

22. Når skya låg over heilagdomen eit par dagar eller ein månad eller endå lenger, tok israelittane ikkje ut, men heldt seg i leiren så lenge ho var der. Fyrst når skya lyfte seg, tok dei ut.

23. På Herrens ord slo dei leir, og på Herrens ord tok dei ut. Dei retta seg etter Herrens vilje og gjorde som han hadde sagt gjennom Moses.