Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Gåver frå hovdingane til heilagdomen

1. Då Moses var ferdig med å reisa heilagdomen, då han hadde salva og vigsla han og alt utstyret der og like eins hadde salva og vigsla altaret med alt det som høyrer til,

2. då kom Israels hovdingar fram, dei som var leiarar for ættgreinene og hovdingar over ættene, dei som stod over alle som var mønstra.

3. Dei førte offergåvene sine fram for Herren: seks vogner med tak og tolv oksar, ei vogn for to hovdingar og ein okse for kvar av dei. Alt dette kom dei fram til heilagdomen med.

4. Herren sa til Moses:

5. «Ta imot desse gåvene! Dei skal brukast til tenesta ved møteteltet. Gjev dei til levittane, etter som kvar treng det til arbeidet sitt.»

6. Så tok Moses imot vognene og oksane og gav dei til levittane.

7. Gersjon-sønene fekk to vogner og fire oksar til det arbeidet dei skulle ha.

8. Merari-sønene fekk fire vogner og åtte oksar til det arbeidet dei skulle ha. Og Itamar, son til Aron, presten, hadde tilsyn med dei.

9. Kehat-sønene fekk ikkje noko; for dei skulle ta vare på dei heilage tinga og bera dei på akslene.

10. Den dagen altaret vart salva, kom hovdingane med offergåver til vigslinga og bar dei fram til altaret.

11. Då sa Herren til Moses: «Lat hovdingane koma kvar sin dag med gåvene sine til altarvigsla!»

12. Den som bar fram gåva si fyrste dagen, var Naksjon, son til Amminadab, frå Juda-ætta.

13. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, og ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

14. ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,

15. ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,

16. ein bukk til syndoffer

17. og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Naksjon, son til Amminadab.

18. Andre dagen kom Netanel, son til Suar, hovdingen over Jissakar.

19. Den gåva han bar fram, var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

20. ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,

21. ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,

22. ein bukk til syndoffer,

23. og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Netanel, son til Suar.

24. Tredje dagen kom hovdingen over Sebulons-sønene, Eliab, son til Helon.

25. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

26. ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,

27. ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,

28. ein bukk til syndoffer,

29. og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Eliab, son til Helon.

30. Fjerde dagen kom hovdingen over Rubens-sønene, Elisur, son til Sjede’ur.

31. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

32. ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,

33. ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,

34. ein bukk til syndoffer,

35. og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Elisur, son til Sjede’ur.

36. Femte dagen kom hovdingen over Simeons-sønene, Sjelumiel, son til Surisjaddai.

37. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

38. ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,

39. ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,

40. ein bukk til syndoffer,

41. og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Sjelumiel, son til Surisjaddai.

42. Sjette dagen kom hovdingen over Gads-sønene, Eljasaf, son til De’uel.

43. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

44. ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,

45. ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,

46. ein bukk til syndoffer,

47. og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Eljasaf, son til De’uel.

48. Sjuande dagen kom hovdingen over Efraims-sønene, Elisjama, son til Ammihud.

49. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

50. ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,

51. ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,

52. ein bukk til syndoffer,

53. og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Elisjama, son til Ammihud.

54. Åttande dagen kom hovdingen over Manasse-sønene, Gamliel, son til Pedasur.

55. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

56. ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,

57. ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,

58. ein bukk til syndoffer,

59. og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Gamliel, son til Pedasur.

60. Niande dagen kom hovdingen over Benjamins-sønene, Abidan, son til Gidoni.

61. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

62. ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,

63. ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,

64. ein bukk til syndoffer,

65. og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Abidan, son til Gidoni.

66. Tiande dagen kom hovdingen over Dans-sønene, Akieser, son til Ammisjaddai.

67. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

68. ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,

69. ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,

70. ein bukk til syndoffer,

71. og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Akieser, son til Ammisjaddai.

72. Ellevte dagen kom hovdingen over Asjers-sønene, Pagiel, son til Okran.

73. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

74. ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,

75. ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,

76. ein bukk til syndoffer,

77. og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Pagiel, son til Okran.

78. Tolvte dagen kom hovdingen over Naftali-sønene, Akira, son til Enan.

79. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer,

80. ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse,

81. ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer,

82. ein bukk til syndoffer,

83. og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Akira, son til Enan.

84. Dette var gåvene frå Israels-hovdingane då altaret vart salva og vigsla: tolv sølvfat, tolv sølvskåler og tolv gullskåler.

85. Kvart sølvfat vog 130 sekel og kvar sølvskål 70 sekel. Alt sølvet i kara vog til saman 2 400 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.

86. Dei tolv gullskålene, som var fulle av røykjelse, vog 10 sekel kvar etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Til saman vog gullet i skålene 120 sekel.

87. Til brennoffer gav dei i alt tolv oksar, tolv verar og tolv årsgamle lam med dei grødeoffer som tilhøyrde, og tolv bukkar til syndoffer.

88. Til måltidsoffer gav dei 24 oksar, 60 verar, 60 bukkar og 60 årsgamle lam. Det var gåvene som vart framborne då altaret var salva og vigsla.

89. Når Moses gjekk inn i møteteltet og skulle tala med Herren, då høyrde han røysta tala til han frå soningsstaden over lovkista, frå romet mellom dei to kjerubane. Der tala Herren til han.