Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Israels dagsmarsjar i øydemarka

1. Desse dagsmarsjane gjorde israelittane då Moses og Aron førte dei ut or Egypt, flokk for flokk.

2. Etter påbod frå Herren skreiv Moses opp dei stadene dei tok ut frå på ferdene sine. Og dette er dagsmarsjane, rekna frå dei stadene dei tok ut frå:

3. Den femtande dagen i den fyrste månaden tok dei ut frå Ramses. Det var dagen etter påskehøgtida israelittane fór av stad, med fast vilje, midt for augo på alle egyptarane.

4. Egyptarane heldt då på og gravla alle sine fyrstefødde, som Herren hadde slege i hel hjå dei. Herren hadde òg halde dom over gudane deira.

5. Då israelittane hadde fare frå Ramses, slo dei fyrst leir i Sukkot.

6. Frå Sukkot tok dei ut og slo leir i Etam, som ligg i utkanten av øydemarka.

7. Då dei fór frå Etam, tok dei ei anna lei mot Pi-Hakirot, som ligg midt imot Ba’al-Safon, og dei slo leir framfor Migdol.

8. Så tok dei ut frå Pi-Hakirot og gjekk gjennom sjøen til øydemarka. Og då dei hadde fare tre dagar gjennom Etam-øydemarka, slo dei leir i Mara.

9. Så tok dei ut frå Mara og kom til Elim. I Elim var det tolv vasskjelder og sytti palmetre, og dei slo leir der.

10. Frå Elim tok dei ut og slo leir ved Sevsjøen.

11. Frå Sevsjøen tok dei ut og slo leir i Sin-øydemarka.

12. Frå Sin-øydemarka tok dei ut og slo leir i Dofka.

13. Frå Dofka tok dei ut og slo leir i Alusj.

14. Frå Alusj tok dei ut og slo leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka.

15. Frå Refidim tok dei ut og slo leir i Sinai-øydemarka.

16. Frå Sinai-øydemarka tok dei ut og slo leir i Kibrot-Hatta’ava.

17. Frå Kibrot-Hatta’ava tok dei ut og slo leir i Haserot.

18. Frå Haserot tok dei ut og slo leir i Ritma.

19. Frå Ritma tok dei ut og slo leir i Rimmon-Peres.

20. Frå Rimmon-Peres tok dei ut og slo leir i Libna.

21. Frå Libna tok dei ut og slo leir i Rissa.

22. Frå Rissa tok dei ut og slo leir i Kehelata.

23. Frå Kehelata tok dei ut og slo leir ved Sjefer-fjellet.

24. Frå Sjefer-fjellet tok dei ut og slo leir i Harada.

25. Frå Harada tok dei ut og slo leir i Makhelot.

26. Frå Makhelot tok dei ut og slo leir i Takat.

27. Frå Takat tok dei ut og slo leir i Terah.

28. Frå Terah tok dei ut og slo leir i Mitka.

29. Frå Mitka tok dei ut og slo leir i Hasmona.

30. Frå Hasmona tok dei ut og slo leir i Moserot.

31. Frå Moserot tok dei ut og slo leir i Bene-Ja’akan.

32. Frå Bene-Ja’akan tok dei ut og slo leir i Hor-Hagidgad.

33. Frå Hor-Hagidgad tok dei ut og slo leir i Jotbata.

34. Frå Jotbata tok dei ut og slo leir i Abrona.

35. Frå Abrona tok dei ut og slo leir i Esjon-Geber.

36. Frå Esjon-Geber tok dei ut og slo leir i Sin-øydemarka, i Kadesj.

37. Frå Kadesj tok dei ut og slo leir ved Hor-fjellet, på grensa til Edom.

38. Då gjekk Aron, presten, opp på Hor-fjellet, som Herren hadde sagt han føre. Og der døydde han i det førtiande året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, den fyrste dagen i den femte månaden.

39. Aron var 123 år gamal då han døydde på Hor-fjellet.

40. Då kanaanearkongen i Arad, som budde i Negev, fekk høyra at israelittane kom,

41. tok dei ut frå Hor-fjellet og slo leir i Salmona.

42. Frå Salmona tok dei ut og slo leir i Punon.

43. Frå Punon tok dei ut og slo leir i Obot.

44. Frå Obot tok dei ut og slo leir i Ijje-Abarim på grensa til Moab.

45. Frå Ijjim tok dei ut og slo leir i Dibon-Gad.

46. Frå Dibon-Gad tok dei ut og slo leir i Almon-Diblatajim.

47. Frå Almon-Diblatajim tok dei ut og slo leir ved Abarim-fjella, midt for Nebo.

48. Då dei tok ut frå Abarim-fjella, slo dei leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

49. Leiren deira låg langsmed Jordan og rakk frå Bet-Jesjimot til Abel-Sjittim på slettene i Moab.

50. På slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko, tala Herren til Moses:

51. Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan,

52. skal de driva ut alle som bur i landet, og slå sund biletstøttene deira. De skal gjera ende på alle bileta dei har støypt seg, og øydeleggja alle offerhaugane deira.

53. Så skal de ta landet i eige og busetja dykk der; for eg har gjeve dykk det til odel og eige.

54. De skal skifta landet mellom dykk ved loddkasting, ætt for ætt. Ei stor ætt skal få stor eigedom og ei lita ætt mindre. Kvar skal få etter som loddet fell, og de skal få eigedom innanfor den ætta som de tilhøyrer.

55. Men driv de ikkje folket i landet ut, då skal dei de sparer, verta som tornar i augo og broddar i sidene dykkar. Dei kjem til å plaga dykk i dykkar eige land.

56. Og det eg hadde tenkt å gjera med dei, det vil eg gjera med dykk.