Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. sa Herren til Moses og presten Elasar, son til Aron:

2. «Hald manntal over heile Israels-folket, ættgrein for ættgrein! Tel alle våpenføre menn i Israel som er tjue år eller meir!»

3. Moses og presten Elasar tala då til folket på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

4. Dei sa at alle som var tjue år eller meir, skulle teljast, så som Herren hadde sagt til Moses.Dette er etterkomarane etter dei israelittane som hadde fare frå Egypt:

5. Ruben var eldste son til Israel, og dette er etterkomarane hans: Frå Hanok kjem Hanok-ætta, frå Pallu Pallu-ætta,

6. frå Hesron Hesron-ætta og frå Karmi Karmi-ætta.

7. Det var Rubens-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 43 730.

8. Son til Pallu var Eliab,

9. og sønene til Eliab var Nemuel, Datan og Abiram. Det var Datan og Abiram som var utvalde av Israels-folket og likevel gjorde oppreist mot Moses og Aron den gongen Korah og flokken hans sette seg opp mot Herren.

10. Jorda opna gapet sitt og gløypte både dei og Korah; heile flokken omkom. Elden gjorde ende på to hundre og femti mann, eit teikn til skrekk og åtvaring.

11. Men sønene til Korah miste ikkje livet.

12. Dette er etterkomarane etter Simeon, ætt for ætt: Frå Nemuel kjem Nemuel-ætta, frå Jamin Jamin-ætta, frå Jakin Jakin-ætta,

13. frå Serah Serah-ætta og frå Saul Sauls-ætta.

14. Det var Simeons-ættene, 22 200 i talet.

15. Dette er etterkomarane etter Gad, ætt for ætt: Frå Sefon kjem Sefon-ætta, frå Haggi Haggi-ætta, frå Sjuni Sjuni-ætta,

16. frå Osni Osni-ætta, frå Eri Eri-ætta,

17. frå Arod Arod-ætta og frå Areli Areli-ætta.

18. Det var Gads-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 40 500.

19. Sønene til Juda var Er og Onan. Dei døydde i Kanaan.

20. Dette er etterkomarane etter Juda, ætt for ætt: Frå Sjela kjem Sjela-ætta, frå Peres Peres-ætta og frå Serah Serah-ætta.

21. Dette er etterkomarane etter Peres: Frå Hesron kjem Hesron-ætta og frå Hamul Hamul-ætta.

22. Det var Juda-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 76 500.

23. Dette er etterkomarane etter Jissakar, ætt for ætt: Frå Tola kjem Tola-ætta, frå Puvva Puvva-ætta,

24. frå Jasjub Jasjub-ætta og frå Sjimron Sjimron-ætta.

25. Det var Jissakars-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 64 300.

26. Dette er etterkomarane etter Sebulon, ætt for ætt: Frå Sered kjem Sered-ætta, frå Elon Elon-ætta og frå Jakle’el Jakle’el-ætta.

27. Det var Sebulons-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 60 500.

28. Sønene til Josef og ættene deira var Manasse og Efraim.

29. Dette er etterkomarane etter Manasse: Frå Makir kjem Makir-ætta og frå Gilead Gilead-ætta. Makir var far til Gilead.

30. Og dette er etterkomarane etter Gilead: Frå Jeser kjem Jeser-ætta, frå Helek Helek-ætta,

31. frå Asriel Asriel-ætta, frå Sikem Sikem-ætta,

32. frå Sjemida Sjemida-ætta og frå Hefer Hefer-ætta.

33. Selofhad, son til Hefer, hadde ingen søner, berre døtrer, og namna deira var Makla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.

34. Det var Manasse-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 52 700.

35. Dette er etterkomarane etter Efraim, ætt for ætt: Frå Sjutelak kjem Sjutelak-ætta, frå Beker Beker-ætta og frå Takan Takan-ætta.

36. Dette er etterkomarane etter Sjutelak: Frå Eran kjem Eran-ætta.

37. Det var Efraims-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 32 500. Det var etterkomarane etter Josef, ætt for ætt.

38. Dette er etterkomarane etter Benjamin, ætt for ætt: Frå Bela kjem Bela-ætta, frå Asjbel Asjbel-ætta, frå Ahiram Ahiram-ætta,

39. frå Sjufam Sjufam-ætta og frå Hufam Hufam-ætta.

40. Bela hadde desse etterkomarane: Frå Ard kjem Ard-ætta og frå Na’aman Na’aman-ætta.

41. Det var etterkomarane etter Benjamin, ætt for ætt, og talet på dei som vart mønstra, var 45 600.

42. Dette er etterkomarane etter Dan, ætt for ætt: Frå Sjuham kjem Sjuham-ætta. Det var Dans-ættene.

43. Talet på dei som høyrde Sjuham-ættene til, var 64 400.

44. Dette er etterkomarane etter Asjer, ætt for ætt: Frå Jimna kjem Jimna-ætta, frå Jisjvi Jisjvi-ætta, frå Beria Beria-ætta,

45. frå Heber Heber-ætta og frå Malkiel Malkiel-ætta.

46. Asjer hadde ei dotter som heitte Sera.

47. Det var Asjers-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 53 400.

48. Dette er etterkomarane etter Naftali, ætt for ætt: Frå Jakse’el kjem Jakse’el-ætta, frå Guni Guni-ætta,

49. frå Jeser Jeser-ætta og frå Sjillem Sjillem-ætta.

50. Det var Naftali-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 45 400.

51. I alt vart det mønstra 601 730 israelittar.

52. Herren sa til Moses:

53. «Mellom desse skal landet skiftast ut til odel og eige, etter folketalet.

54. Dei store ættene skal du gje stor eigedom og dei små ættene mindre. Kvar ætt skal få eigedom etter folketalet.

55. Landet skal skiftast ved loddkasting, og kvar ættgrein skal få land i det området som høyrer ætta til.

56. Etter som loddet fell, skal kvar ætt, stor eller lita, få sin eigedom.»

57. Dette er dei levittane som vart mønstra, ætt for ætt: Gersjon-sønene, ætta etter Gersjon; Kehat-sønene, ætta etter Kehat, og Merari-sønene, ætta etter Merari.

58. Desse ættgreinene var det i Levi-ætta: Libni-sønene, Hebron-sønene, Makli-sønene, Musji-sønene og Korah-sønene. Kehat fekk sonen Amram;

59. kona til Amram heitte Jokebed. Ho var dotter til Levi og var fødd i Egypt. Med henne fekk Amram sønene Aron og Moses og Mirjam, syster deira.

60. Aron fekk sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.

61. Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigsla eld fram for Herren.

62. Talet på levittane var 23 000 når alle menn og alle gutar som var meir enn ein månad gamle, var medrekna. Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane, fordi dei ikkje fekk nokon eigedom som dei.

63. Dette var den folketeljinga som Moses og presten Elasar stod føre mellom israelittane på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

64. Ingen av desse var med i manntalet den gongen Moses og presten Aron mønstra israelittane i Sinai-øydemarka.

65. For Herren hadde sagt at dei skulle døy i øydemarka. Av dei var det ingen annan att enn Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun.