Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Lov om arverett for døtrer

1. Selofhad, son til Hefer, son til Gilead, son til Makir, son til Manasse, Josefs son, hadde fleire døtrer. Dei heitte Makla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.

2. Dei gjekk fram til møteteltdøra og stod framfor Moses og presten Elasar og hovdingane og heile folket og sa:

3. «Far vår døydde i øydemarka; men han var ikkje med i den flokken som sette seg opp mot Herren, Korah-flokken. Han døydde på grunn av si eiga synd. Og han hadde ingen søner.

4. Skal no namnet åt far vår gå ut or ætta, fordi han ikkje hadde nokon son? Lat oss få eigedom saman med farbrørne våre!»

5. Moses la spørsmålet fram for Herren,

6. og Herren sa til han:

7. «Det er rett, det som døtrene til Selofhad seier. Gjev dei odelsjord saman med farbrørne deira, og lat farsarven gå over til dei!

8. Sei til israelittane: Når ein mann døyr sonelaus, skal de la garden gå i arv til dottera.

9. Har han inga dotter heller, skal de gje brørne hans garden.

10. Og har han ikkje brør, skal de la farbrørne hans få garden.

11. Men hadde ikkje faren nokon bror, skal de la næraste slektningen hans få garden.» Dette skal vera lov og rett for israelittane, som Herren sa Moses føre.

Moses gjer Josva til førar

12. Herren sa til Moses: «Stig opp på Abarim-fjellet, så skal du få sjå det landet eg har gjeve israelittane.

13. Og når du har sett det, skal du òg fara til folket ditt, liksom Aron, bror din, før deg.

14. For de lydde ikkje mitt ord i Sin-øydemarka, den gongen folket tretta med meg, då de skulle ha late vatn strøyma fram for augo på dei og såleis vist kor heilag eg er.» – Det er Meriba-kjelda i Sin-øydemarka.

15. Moses sa til Herren:

16. «Herre, du Gud som rår over ånda i kvar levande skapning, du må setja ein annan mann over folket,

17. ein som kan gå føre dei både heime og borte og føra dei ut og inn, så Herrens folk ikkje skal vera som ein saueflokk utan gjætar.»

18. Då sa Herren til Moses: «Ta Josva Nunsson, ein mann som det er ånd i, og legg handa på hovudet hans!

19. Før han fram for presten Elasar og for heile Israels-lyden, og set han inn i tenesta medan folket er til stades.

20. Gjev han noko av den agen du har med deg, så heile Israels-folket må lyda han.

21. Men han skal gå fram for presten Elasar, som for Herrens åsyn skal bruka urim og søkja avgjersler for han. På hans ord skal dei fara ut, og på hans ord skal dei fara heim, både Josva og alle israelittane, heile Israels-lyden.»

22. Moses gjorde som Herren baud. Han tok Josva og førte han fram for presten Elasar og for heile Israels-lyden.

23. Og Elasar la hendene på han og sette han inn i tenesta, som Herren hadde sagt gjennom Moses.