Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herren vert harm på Mirjam og Aron

1. Ein gong tala Mirjam og Aron mot Moses fordi han hadde teke ei kvinne frå Nubia til kone. Han hadde nemleg gift seg med ei nubisk kvinne.

2. Dei sa: «Er det berre Moses Herren har tala med? Har han ikkje tala med oss òg?» Dette høyrde Herren.

3. Men Moses var ein svært audmjuk mann, audmjukare enn alle menneske på jorda.

4. Brått sa Herren til Moses og til Aron og Mirjam: «Gå ut til møteteltet, alle tre!» Dei så gjorde.

5. Då steig Herren ned i ei skystøtte og stod attmed teltdøra. Han kalla på Aron og Mirjam, og begge kom fram.

6. Så sa han:Høyr kva eg, Herren, seier:Er det ein profet hjå dykk,vender eg meg til han i synerog talar til han i draumar.

7. Men så er det ikkje med Moses, ¬min tenar,han er trufast i heile mitt hus.

8. Han talar eg med, åsyn til åsyn,klårt og greitt, ikkje i gåter;Herrens skapnad får han sjå.Korleis kunne de då vågaå tala mot Moses, min tenar?

9. Så gjekk Herren bort, medan vreiden hans loga imot dei.

10. Då skya drog seg bort frå teltet, sjå, då hadde Mirjam fått ein hudsjukdom, og huda hennar var som snø. Med det same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var sjuk.

11. Då sa han til Moses: «Herre, lat oss ikkje bøta for ei synd vi har gjort i vår dårskap.

12. Lat ikkje Mirjam vera lik eit dødt foster, som er halvt borttært når det kjem ut or mors liv!»

13. Då ropa Moses til Herren: «Å Gud, gjer henne frisk!»

14. Men Herren svara: «Om far hennar hadde spytta henne i andletet, laut ho ikkje då sitja med skam i sju dagar? No skal ho stengjast ute frå leiren i sju dagar. Sidan kan ho koma inn att.»

15. Så stengde dei Mirjam ute frå leiren i sju dagar, og folket tok ikkje av stad før ho var komen inn att.

16. Men då drog dei frå Haserot og slo leir i Paran-øydemarka.