Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Arons stav som blømde

1. Herren tala til Moses og sa:

2. Sei til israelittane at dei skal gje deg tolv stavar, éin stav for kvar ætt. Av kvar ættehovding skal du få ein stav, og på den skal du skriva namnet hans.

3. På staven åt Levi skal du skriva Arons namn; for det skal vera éin stav for kvar ættehovding.

4. Legg stavane i møteteltet – framfor lova – der eg møtest med dykk.

5. Då skal han spira og gro, staven som tilhøyrer den mannen eg vel ut. Så får eg vel fred for den murringa israelittane stadig plagar dykk med.

6. Så tala Moses til israelittane. Og alle ættehovdingane gav han kvar sin stav, éin stav for kvar ætt. Det var tolv stavar i alt, og mellom dei var staven til Aron.

7. Moses la stavane ned framfor Herrens åsyn i lovteltet.

8. Då han dagen etter kom inn i teltet, fekk han sjå at Arons stav, staven for Levi-ætta, hadde sett friske skot; han hadde fått knuppar, blomar og mogne mandlar.

9. Moses tok alle stavane bort frå Herrens åsyn og bar dei ut til israelittane. Då dei fekk sjå dei, tok dei kvar sin stav.

10. Då sa Herren til Moses: «Ber Arons stav inn att og legg han framfor lova! Der skal han gøymast og vera eit teikn for dei trassige, så eg slepp høyra murringa deira meir; elles må dei døy.»

11. Moses så gjorde; som Herren hadde sagt, så gjorde han.

12. Men israelittane sa til Moses: «Sjå, det er ute med oss. Vi går alle til grunne, vi døyr.

13. Kvar den som vågar seg innåt Herrens bustad, må døy. Skal vi då gå til grunne, alle saman?»