Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Folketeljing i øydemarka

1. Den fyrste dagen i den andre månaden året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, medan dei var i Sinai-øydemarka, tala Herren til Moses i møteteltet. Han sa:

2. Hald manntal over heile Israels-folket, kvar ætt og kvar ættgrein for seg, og skriv opp namna på alle menn, eitt for eitt.

3. Du og Aron skal mønstra alle våpenføre menn i Israel som er tjue år eller meir, kvar flokk for seg.

4. De skal ta med dykk ein mann for kvar ætt, han som er hovding over greinene i ætta.

5. Dette er namna på dei mennene som skal hjelpa dykk: Frå Ruben: Elisur, son til Sjede’ur;

6. frå Simeon: Sjelumiel, son til Surisjaddai;

7. frå Juda: Naksjon, son til Amminadab;

8. frå Jissakar: Netanel, son til Suar;

9. frå Sebulon: Eliab, son til Helon;

10. frå Josefs-sønene: Elisjama, son til Ammihud, for Efraim, og Gamliel, son til Pedasur, for Manasse;

11. frå Benjamin: Abidan, son til Gidoni;

12. frå Dan: Akieser, son til Ammisjaddai;

13. frå Asjer: Pagiel, son til Okran;

14. frå Gad: Eljasaf, son til De’uel;

15. frå Naftali: Akira, son til Enan.

16. Dette er dei mennene som folket har valt, leiarane for dei ættene som fedrane deira tilhøyrde, ættehovdingane i Israel.

17. Moses og Aron tok med seg desse mennene som er nemnde med namn.

18. Så kalla dei heile folket saman, den fyrste dagen i den andre månaden. Dei vart innførte i listene over ætter og ættgreiner; alle som var tjue år eller meir, vart innskrivne, ein for ein.

19. Såleis mønstra Moses folket i Sinai-øydemarka, som Herren hadde sagt.

20. Etterkomarane etter Ruben, eldste son til Israel, vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne, ein for ein.

21. 46 500 vart mønstra i Rubens-ætta.

22. Etterkomarane etter Simeon vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne, ein for ein.

23. 59 300 vart mønstra i Simeons-ætta.

24. Etterkomarane etter Gad vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne.

25. 45 650 vart mønstra i Gads-ætta.

26. Etterkomarane etter Juda vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne.

27. 74 600 vart mønstra i Juda-ætta.

28. Etterkomarane etter Jissakar vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne.

29. 54 400 vart mønstra i Jissakars-ætta.

30. Etterkomarane etter Sebulon vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne.

31. 57 400 vart mønstra i Sebulons-ætta.

32. Etterkomarane etter Efraim, son til Josef, vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne.

33. 40 500 vart mønstra i Efraims-ætta.

34. Etterkomarane etter Manasse vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne.

35. 32 200 vart mønstra i Manasse-ætta.

36. Etterkomarane etter Benjamin vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne.

37. 35 400 vart mønstra i Benjamins-ætta.

38. Etterkomarane etter Dan vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne.

39. 62 700 vart mønstra i Dans-ætta.

40. Etterkomarane etter Asjer vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne.

41. 41 500 vart mønstra i Asjers-ætta.

42. Etterkomarane etter Naftali vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne.

43. 53 400 vart mønstra i Naftali-ætta.

44. Dette var dei som vart mønstra av Moses og Aron og Israels hovdingar. Hovdingane var tolv i talet, ein for kvar ætt.

45. Alle israelittane vart mønstra, kvar ættgrein for seg, alle våpenføre menn som var tjue år eller meir.

46. Det var i alt 603 550 som vart mønstra.

47. Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre ættene.

48. For Herren sa til Moses:

49. Berre Leviætta skal du ikkje mønstra. Dei skal du ikkje ta med i manntalet saman med dei andre israelittane.

50. Men set levittane til å ha tilsyn med lovteltet, med alle tinga der og alt som elles høyrer til. Dei skal bera teltet og all bunaden som er i det. Dei skal gjera teneste i teltet og liggja i leir kring det.

51. Når teltet skal flyttast, skal levittane ta det ned. Og når det skal reisast, skal levittane setja det opp. Kjem nokon annan nær det, må han døy.

52. Israelittane skal halda seg i kvar sin leir, under kvar si fane og i kvar sin flokk.

53. Men levittane skal liggja i leir kring lovteltet, så Guds vreide ikkje skal koma over Israels-folket. Og levittane skal ta seg av tenesta i lovteltet.

54. Israelittane gjorde alt dette så som Herren hadde sagt Moses føre.