Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Rubens- og Gads-ætta får land austanfor Jordan

1. Rubens-sønene og Gads-sønene hadde ei stor mengd med fe. Då dei såg dei gode beitemarkene i Jaser og Gilead-landet,

2. kom dei til Moses og presten Elasar og til hovdingane i folket og sa:

3. «Atarot, Dibon, Jaser, Nimra, Hesjbon, El’ale, Sebam, Nebo og Beon,

4. desse bygdene som Herren har vunne for Israels-folket, er gode febygder, og vi, tenarane dine, har mykje fe.

5. Så sant du har godvilje for oss, sa dei, så lat tenarane dine få dette landet til odel og eige. Lat oss sleppa å fara over Jordan!»

6. Moses svara: «Skal brørne dykkar gå i striden, medan de slår dykk til ro her?

7. Kvifor tek de motet frå israelittane, så dei ikkje vil fara over til det landet Herren har gjeve dei?

8. Det var det fedrane dykkar gjorde då eg sende nokre av dei frå Kadesj-Barnea for å sjå på landet.

9. Då dei hadde vore i Esjkol-dalen og sett på landet, tok dei motet frå israelittane, så dei ikkje ville gå inn i det landet Herren hadde gjeve dei.

10. Då vart Herren brennande harm, og han svor:

11. Ingen av dei mennene som fór opp frå Egypt, og som er tjue år eller meir, skal få sjå det landet som eg lova Abraham, Isak og Jakob; for dei har ikkje fylgt meg som dei skulle,

12. – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, av Kenas-ætta og Josva, son til Nun; for dei har trufast fylgt Herren.

13. Så brennande harm vart Herren på israelittane at han lét dei flakka ikring i øydemarka i førti år, til han var borte, heile den ættleden som hadde gjort det som vondt var i Herrens augo.

14. Og no vil de fara fram som fedrane dykkar, de avkom av syndige menn, og gjera Herrens brennande vreide mot Israel endå større!

15. For vender de dykk bort frå han, så kjem han til å la Israel vera endå lenger i øydemarka, og de fører ulukke over heile folket.»

16. Då gjekk Rubens-sønene og Gads-sønene fram til Moses og sa: «Vi vil berre laga kveer for feet vårt her og byggja byar for kvinnene og borna våre.

17. Men sjølve vil vi væpna oss så snøgt vi kan, og fara føre dei andre israelittane, til vi får ført dei dit dei skal. Men kvinnene og borna våre skal sitja att i festningsbyane, så dei kan vera trygge for dei som bur i landet.

18. Vi skal ikkje venda heim att før dei andre israelittane har fått kvar sin eigedom.

19. For vi vil ikkje ta land saman med dei på hi sida av Jordan og lenger borte når vi får vår odelsjord her på austsida av Jordan.»

20. Moses svara: «Dersom de gjer dette, dersom de bur dykk til strid for Herren,

21. og alle våpenføre menn mellom dykk fer over Jordan for Herren, til han har drive fiendane sine bort,

22. og ingen av dykk vender heim att før landet er vunne for Herren, då skal de vera utan skuld både for Herren og for Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom for Herrens åsyn.

23. Men gjer de ikkje dette, då syndar de mot Herren, og de skal få kjenna at synda finn dykk att.

24. Bygg no byar for kvinnene og borna dykkar, og lag kveer for småfeet, men gjer òg det som de har lova!»

25. Då sa Gads-sønene og Rubenssønene til Moses: «Tenarane dine skal gjera som du har sagt, herre.

26. Kvinnene og borna våre og feet vårt, heile buskapen, skal vera her i byane i Gilead.

27. Men vi, tenarane dine, alle som er budde til strid, skal gå over Jordan og kjempa for Herren, som du har sagt, herre.»

28. Så tala Moses om dei til presten Elasar, til Josva Nunsson og til ættehovdingane i Israel.

29. Han sa til dei: «Dersom Gads-sønene og Rubens-sønene, alle som er budde til strid, går over Jordan saman med dykk og kjempar for Herren, og landet vert teke, då skal de la dei få Gilead-landet til odel og eige.

30. Men dersom dei våpenføre mennene dykkar ikkje går over saman med dykk, skal dei liksom de få eigedom i Kanaan.»

31. Gads-sønene og Rubens-sønene tok til ords og sa: «Det Herren har sagt til tenarane dine, det skal vi gjera.

32. Væpna vil vi fara over til Kanaan og strida for Herren. Men odelsjorda vår skal vera på denne sida av Jordan.»

33. Så lét Moses Gads-sønene, Rubens-sønene og halvparten av ætta etter Manasse, son til Josef, få dei rika som hadde tilhøyrt amorittkongen Sihon og kong Og i Basan. Dei fekk både landet og byane og dei markene som låg kring byane.

34. Gads-sønene bygde opp att Dibon, Atarot, Aroer,

35. Atrot-Sjofan, Jaser, Jogbeha,

36. Bet-Nimra og Bet-Haran, festningsbyar med kveer for småfeet.

37. Og Rubens-sønene bygde opp att Hesjbon, El’ale, Kirjatajim,

38. Nebo, Ba’al-Meon og Sibma. Men namna vart endra; dei gav nye namn til byane dei bygde.

39. Etterkomarane etter Makir, son til Manasse, fór til Gilead, tok landet og dreiv bort amorittane som budde der.

40. Og Moses gav Makir, son til Manasse, Gilead-landet, og han busette seg der.

41. Ja’ir, son til Manasse, fór av stad og tok teltbyane der. Og han kalla dei Ja’irs teltbyar.

42. Nobah fór òg av stad og tok Kenat og småbyane der ikring. Han kalla byen Nobah, etter seg sjølv.