Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Israels grenser

1. Herren sa til Moses:

2. Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i Kanaan, det landet de får til odel og eige, skal det ha desse grensene:

3. Grensa i sør skal gå frå Sin-øydemarka langsmed Edom. I aust skal sørgrensa gå ut frå enden av Saltsjøen.

4. Ho skal svinga sørom Akrabbim-skaret og halda fram til Sin. Så skal ho gå sør for Kadesj-Barnea til Hasar-Addar og derifrå til Asmon.

5. Frå Asmon skal grensa svinga ned til Egyptarbekken og ut til havet i vest.

6. I vest skal de ha Storhavet til grense; det skal vera grensa dykkar mot vest.

7. I nord skal dette vera grensa dykkar: Frå Storhavet skal de dra opp ei line til Hor-fjellet

8. og frå Hor-fjellet til Lebo-Hamat; der skal grensa nå ut til Sedad.

9. Så skal ho halda fram til Sifron og enda ved Hasar-Enan. Det skal vera grensa dykkar mot nord.

10. I aust skal de dra opp ei line frå Hasar-Enan til Sjefam.

11. Frå Sjefam skal grensa gå ned til Ribla, austanfor Ajin, og så nedover til ho når fjellryggen på austsida av Gennesaret-sjøen.

12. Så skal ho fylgja Jordan og enda nedmed Saltsjøen. Det skal vera landet dykkar, og desse grensene skal det ha.

13. Moses tala til israelittane og sa: Dette er det landet de skal få til odel og eige og dela ved loddkasting, det landet som Herren har sagt at dei ni ættene og den eine halve ætta skal få.

14. For Rubens-ætta, Gads-ætta og halvparten av Manasse-ætta har alt fått odelsjord til ættgreinene sine.

15. Desse to og ei halv ættene har fått sin eigedom på austsida av Jordan, mot solrenninga, midt for Jeriko.

Dei som skal skifta ut landet

16. Herren sa til Moses:

17. Dette er namna på dei mennene som skal skifta ut landet mellom dykk: presten Elasar, Josva Nunsson

18. og så ein hovding for kvar ætt, som de skal velja til utskiftingsmenn.

19. Her er namna på desse mennene: for Juda-ætta Kaleb, son til Jefunne;

20. for Simeons-ætta Samuel, son til Ammihud;

21. for Benjamins-ætta Elidad, son til Kislon;

22. for Dans-ætta ein hovding, Bukki, son til Jogli;

23. for Josefs-sønene ein hovding av Manasse-ætta, Hanniel, son til Efod,

24. og ein hovding av Efraims-ætta, Kemuel, son til Sjiftan;

25. for Sebulons-ætta ein hovding, Elisafan, son til Parnak;

26. for Jissakars-ætta ein hovding, Paltiel, son til Assan;

27. for Asjers-ætta ein hovding, Akihud, son til Sjelomi,

28. og for Naftali-ætta ein hovding, Peda’el, son til Ammihud.

29. Det var dei mennene Herren sette til å skifta ut Kanaan-landet mellom israelittane.