Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Koparormen

1. Då kanaanearkongen som budde i Arad i Negev, fekk høyra at israelittane drog fram på vegen til Atarim, gjekk han til strid mot dei og tok nokre av dei til fange.

2. Då gav israelittane Herren ein lovnad. «Gjev du dette folket i våre hender,» sa dei, «skal vi bannstøyta byane deira.»

3. Herren høyrde denne bøna og gav kanaanearane i deira hand. Og israelittane bannstøytte både dei og byane deira. Difor fekk staden namnet Horma.

4. Så tok dei ut frå Hor-fjellet og valde vegen til Sevsjøen. For dei ville fara utanom Edom-landet. Men på ferda vart folket utolmodig

5. og tala mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut or Egypt når vi må døy her i øydemarka? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne ringe maten.»

6. Då sende Herren eiterormar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde.

7. Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tala mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta ormane bort frå oss!» Og Moses bad for folket.

8. Då sa Herren til han: «Lag deg ein orm og set han på ei stong! Så kan kvar den som vert biten, sjå opp på ormen og berga livet.»

9. Moses laga ein koparorm og sette han på ei stong. Og det gjekk så at kvar gong ein mann vart biten av ein orm, og han såg bort på koparormen, berga han livet.

Israelittane held fram på ferda

10. Israelittane heldt fram på ferda og slo leir ved Obot.

11. Sidan tok dei ut frå Obot og slo leir ved Ijje-Abarim i øydemarka austanfor Moab.

12. Derifrå drog dei vidare og slo leir i Sered-dalen.

13. Og då dei tok ut frå Sered-dalen, slo dei leir på den andre sida av Arnon, i den øydemarka som tøyer seg utover frå amorittlandet. Arnon er grensa for Moab, mellom Moab og amorittlandet.

14. Difor heiter det i «Boka om Herrens krigar»:Vaheb i Sufa og dalane,Arnon

15. og dalsidasom tøyer seg ned mot Ar-bygdaog når til Moabs grense.

16. Så fór dei til Be’er. Det er den brunnen der Herren sa til Moses: «Kall saman folket, så skal eg gje dei vatn!»

17. Då song Israel denne songen:Vell fram, du kjelde!Lat songen ljoma

18. for brunnen ¬som hovdingar har grave,som dei fremste menn i folket ¬har boramed styrarstav og septer. Frå Be’er fór dei så til Mattana,

19. frå Mattana til Nahaliel, frå Nahaliel til Bamot,

20. og frå Bamot til den dalen som går gjennom Moab-høgsletta, under toppen av Pisga-fjellet, der ein kan sjå ut over det aude landet.

Siger over amorittkongane Sihon og Og

21. Israelittane sende bod til amorittkongen Sihon og sa:

22. «Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje koma inn på åkrar eller i vingardar og ikkje drikka vatn or brunnane. Vi vil fylgja kongsvegen til vi er komne gjennom landet ditt.»

23. Men Sihon gav ikkje Israel lov til å fara gjennom landet. Han samla heile hæren sin og drog ut mot israelittane i øydemarka. Då han kom til Jahas, gjekk han til åtak på dei.

24. Men Israel slo han med kvasse sverd og tok landet hans frå Arnon til Jabbok, heilt til ammonittlandet. For langs grensa mot Ammon var det mange borger.

25. Israelittane tok alle desse amorittbyane og busette seg i dei, i Hesjbon og alle småbyane der ikring.

26. Hesjbon var byen åt amorittkongen Sihon. Han hadde lege i strid med den førre kongen i Moab og teke frå han alt landet heilt til Arnon.

27. Difor seier skaldane:Kom til Hesjbon, Sihons by!Bygg han ut ¬og gjer han til ei borg!

28. Eld gjekk ut frå Hesjbon,ein loge frå Sihons by.Han gjorde ende på Ar i Moabog avgudane på haugane ¬ved Arnon.

29. Ve deg, Moab!Det er ute med deg,du folk som dyrkar Kamosj.Han har gjort sønene sine ¬til flyktningarog sendt døtrene sine ¬i fangeferdtil amorittkongen Sihon.

30. Vi skaut dei nedfrå Hesjbon radt til Dibon.Vi herja landet heilt til Nofah,som ligg bortmed Medeba.

31. No slo Israel seg ned i amorittlandet.

32. Moses sende folk som skulle speida ut Jaser. Dei tok byane der ikring og dreiv ut amorittane som budde der.

33. Så tok dei ei anna lei og fór oppover til Basan. Kong Og i Basan drog ut mot dei med heile hæren sin, og det kom til slag ved Edre’i.

34. Då sa Herren til Moses: «Ver ikkje redd han! Eg har gjeve både han og heile folket og landet hans i dine hender. Du skal gjera med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.»

35. Så slo israelittane kong Og og sønene hans og heile hæren hans. Ingen vart att, og ingen slapp unna, og landet la dei under seg.